Surt vêr
Bygdeutviklingsstyret ber om berekraftig framtid |
|
|
|
|
| fredag 18. juni 2010 08:51, Nils Rogn |
|
Det er berre eit breitt fokus på verdiskaping og berekraftige produksjonar i bygdene som gjev nødvendig legitimitet for ein særeigen landbrukspolitikk for Norge i framtida. Dette er eitt av punkta i ei uttale til komande landbruks- og matmelding frå bygdeutviklingsstyret for Valdres. Utgangspunktet må framleis vera eit landbruk over heile landet, med ei regional tilpassing – kan hende som ein eigen fjellpolitikk for bygder som våre, skriv BU-styret. Viktig, men også svært utfordrande, er at ein på same tid kan fokusere på auke i matproduksjonen, auke i økologisk produksjon, auka miljø og klimahensyn, tydeleg fokus på opne kulturlandskap og brei fokus på bygdeutvikling. Multifunksjon og mangesysleriInga lett oppgåve for landbruks- og matdepartementet å tilfredsstille alt dette, men bygdeutviklingsstyret meiner at me har behov for ei melding som fokuserar landbruket sin multifunksjon. Samtidig må mangesysleriet stimulerast. Samarbeid med andre bygdenæringar, med reiselivet og med verksemder i verdikjeda som kan medverke til ”tilleggsverdiar” for landbruksprodukta i marknaden, skal også hjelpe til med å halde hjula i gang for valdreslandbruket. Lokale verdiar og verdiskapingBU-styret er opptekne av lokal fokus i ei ny melding, og ber om å få tydlegare fokus på lokale verdiar og lokal verdiskaping ved utforming av verkemidlar. Det vil vera nødvendig å forsterke distrikts- og strukturprofilen slik at den tekniske utviklinga ikkje blir einerådande i høve til korleis bygdene våre skal sjå ut i framtida. Kraftforet for billigI Valdres er grasproduksjonen særs viktig, men BU-styret meiner at billig innkjøpt kraftfor reduserer verdien av dette i for stor grad. Dei foreslær difor at kraftforprisen blir auka og at ein styrkjer grasbasert husdyrhald ved å auke beitetilskotet, stølstillegget og husdyrtillegget. Dette vil vera ein sterk stimulans til aktiv drift framfor passivt eigarskap til jord, med fokus på kapitalavkastning frå jorda. KompetanseAvslutningsvis peikar BU-styret på at omstilling krev god kompetanse, både til sjølve omstillingsprosessen og til nye oppgåver. Dei ser det som viktig å setje inn ressursar til forskingsbasert kunnskap for å bli best mogleg trygg på kva vi omstiller til. Les også ministerens tale om framtidsretta landbruks- og matpolitikk til fylkeskommunane, der landbruks- og matmeldinga for 2011 blir omtala. |
| må | ty | on | to | fr | la | su |
|---|---|---|---|---|---|---|
| 1 | 2 | 3 | 4 | 5 | ||
| 6 | 7 | 8 | 9 | 10 | 11 | 12 |
| 13 | 14 | 15 | 16 | 17 | 18 | 19 |
| 20 | 21 | 22 | 23 | 24 | 25 | 26 |
| 27 | 28 | 29 |
Skrautvålsvegen 77, 2900 Fagernes.
Tlf. 61 35 94 50.
redaksjonen@valdres.no
Ansvarlig redaktør: Kjell Arne Berntsen.
Webredaktør: Nils Rogn.
Idé og konsept ved kommunikasjonsavdelingen i Valdres Natur- og Kulturpark. Webdesign og programmering Devant Digital Media.
Valdres Natur- og Kulturpark (VNK) har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.
Kopiering av materiale frå VNK Nett for bruk andre plassar er ikkje tillate utan avtale | © 2009 Valdres Natur- og Kulturpark