Festivalleiarane møttest i det nye Velkomstbygget på Valdres Folkemuseum. Frå venstre Eirik Høyme Rogn, Jan Stundal, Anne Marte Før, Ove Ekerbakke og Mari Brestad. Foto: Nils Rogn
|
tysdag 29. juni 2010 08:16,
Nils Rogn |
På eit møte i festivalnettverket i Valdres sist veke, kom det fram at Ridderrennet og Landbruksdagen/Valdresgildet no blir med i festivalsamarbeidet som Valdres Natur- og Kulturpark organiserer.
I år er Landbruksdagen og Valdresgildet eigne arrangement, men frå 2011 er det intensjonen å skape eit felles arrangement. Når gauken har gale og kurven er klar, truleg rundt fyrste helga i juni, vil landbruket samle både tradisjonelle landbruksdaginnslag og kurvprodusentar og annan matproduksjon frå landbruket, til ei gild landbruksmønstring.
Festivalkontor
Også i år blir det Festivalkontor på Turistkontoret på Skysstasjonen. Mari Brestad er tilsett som sommarhjelp med spesielt ansvar for å ta seg av festivalkontortenestene. Det er sett av 150 000 kroner til dette i år, men heretter må festivalane drifte dette sjølve gjennom billettavgifter og andre tilskot. Jørn Hilme-stemnet og Sol av Isfolket er førebels dei einaste kundane, medan Rakfiskfestivalen vil koma inn litt seinare.
Tilskot til vidareutvikling
Leiar i festivalnettverket, kulturkonsulent Anne Strand Moen, og Håvard Halvorsen frå Norsk Rakfiskfestival. Foto: Nils Rogn
Det vart også informert om at VNK har ein pott på 100 000 kroner som skal fordelast til vidareutvikling innanfor satsingsområda. VNKs festivalstrategi legg vekt på at festivalane skal ha ein miljøprofil, at dei serverar lokalprodusert mat, har tilbod om fysisk aktivitet, nyttar lokale utøvarar og at dei deltek aktivt i felles marknadsføring av dei andre festivalane. Festivalane skal nytte VNK sin logo og slagordet ”Valdres skjerper sansane” i hovuddelen av marknadsføringa si. Fire festivalar har søkt om støtte i år.
Dyrt politi vil til fjells
Alle festivalane var i god rute og hadde ”passe” kontroll. Eirik Høyme Rogn frå Vinjerock har fått eit uventa økonomisk utlegg på 100 000 kroner til politi på årets festival. Det er lensmannen i Vang som krev dette i kompensasjon for auka vakthald. Sommersymfonien er i gang med den største festivalen til no, 59 konsertar og eit ungdommeleg symfoniorkester på 135 10-16 åringar. Hilme-stemnet har hatt ein krisevinter, men har no kontroll og kan fortelja om eit omfattande program med konsertar i alle kommunar. Jan Beitohaugen Granli er festivalartist og stemnet i år markerer 50 års jubileum.
Ny i festivalsamarbeidet
Ine Wigernæs orienterte om Ridderrennet, ny i festivalsamarbeidet, men har tradisjon tilbake til 1963. – Dette er verdas største årlege idrettsarrangement for fysisk utviklingshemma, sa ho. – Rennet er både for dei beste i verda, og for dei som vil prøve seg for fyrste gong. Til å hjelpe oss er både forsvaret og studentane ved Norges Idrettshøgskole fast engasjert. Me skil oss ut ved at me ikkje har publikumsinntekter. No vil me jobbe meir for å knytte arrangementet til eit lokalt Valdres-fundament. Wigernæs som er styreleiar i Ridderrennets Venner, kunne røpe eit godt familieengasjement for rennet sidan mor hennar, Ingrid, hadde vore med å starta Ridderrennet i 1963.
Nesbø, DDE, Hellbillies og Staut
Rakfiskfestivalen vart presentert av Håvard Halvorsen, som akkurat hadde følgd årets rakfiskbrosjyre i trykken. – No er det bestemt kven som skal spela, sa han, og kom med namn som Jo Nesbø, DDE, Hellbillies og Staut. Nytt frå i år var eit musikktilbod for dei som ville ha ein rolegare kveld med prat og dans. Eit eige telt skulle tilby torader og gamaldansgrupper med eit rimeleg lydnivå. Elles skulle det bli meir rakfisk enn før, og i løpet av sommaren skulle det lanserast ei ny nettside.
Verdiskaping
Hilde Tveiten Døvre orienterte om festivalundersøkinga frå i vinter. Foto: Nils Rogn
Hilde Tveiten Døvre orienterte om ei runde med festivalintervju som hadde blitt gjennomført i vinter. Her kom det fram at festivalane hadde ei samla omsetning på 18 millionar, sysselsette fem årsverk og 1250 frivillige. Her var World Cup på Beitostølen halde utanom. Frå Norsk Kulturråd stilte Arnfinn Bjerkestrand med eit foredrag om samhandling og samarbeid. To av festivalane får støtte frå fondet, Jørn Hilme-stemnet får 800 000 kroner, og ny frå i år er Vinjerock med 100 000 kroner.
Festivalkoordinator
Bjerkestrand er leiar i festivalutvalet under Kulturrådet, og han var oppteken av publikumsutvikling og samarbeid mellom festivalane. Han la opp til ein dialog med festivalane og Hilme-stemnet opplyste at dei vurderte å gjennomføre ei publikumsundersøking i sommar. Festivalane var elles samde om at dei trengte eit felles støtteapparat. Her kunne ein festivalkoordinator knytt til festivalkontoret vera ei løysing - om det fanst midlar.
Vegen vidare
Avslutningsvis vart det stilt spørsmål om kva som skjer med festivalnettverket når kulturkonsulent i Valdres Natur- og Kulturpark, Anne Strand Moen, sluttar 1. september. Ho opplyste at ho ville gjennomføre eit møte i august/september. Her håpa ho å kunne informere litt meir om kva som skjer vidare. - Det er uansett viktig at festivalane sjølv følgjer opp tiltak og tek kontakt med kvarandre for å halde nettverket vedlike – uavhengig av VNK, sa ho.
Les meir om spørjeundersøkinga her.
|