Turforslag 3: Strøkne løyper ved Sebu-Røssjøen

Ta turen til Lenningen. Der finn du mange flotte løyper.
Les meir her:

Turforslag 2: Frå Leirin skiløyper kan du skue innover mot Torfinnstindane og Kalvehøgda

Skardåsen er turens høgaste punkt på 1071 m.o.h.
Les meir her

Turforslag 1: Frå Beitostølløypene har du flott utsikt mot Mugnetind

Ta turen til Beitostølen og opplev høgfjellet!
Les meir her

VNK deler ut 100 000 kroner til fire festivalar

Skriv ut E-post
Vinjerock tek vare på sine frivillige. Fjorårets samling og fest for dei, var på VBU i Vang med blant anna artisten Bare Egil Band. Foto: Nils Rogn


onsdag 30. juni 2010 11:50, Nils Rogn
På utlysinga om ekstraordinære festivalmidlar, kom det inn fem søknader til Valdes Natur- og Kulturpark. Pengane skulle nyttast til vidareutvikling av festivalane, og tiltaka måtte vera innanfor dei definerte satsingsområda i festivalstrategien.

Desse satsingsområda er miljø, lokalmat, fysisk aktivitet, bruk av lokale artistar og kunstnarar og samhandling/fellestiltak, i tillegg til merkevarebygging og profilering av Valdres. Alle dei fem innkomne søknadene oppfyller desse kriteria for tildeling. VNK har difor valt å gje støtte til alle omsøkte prosjekt, men har redusert beløpet på nokre av søknadane.

Sol av Isfolket får 10 000 kroner til å gjennomføre ein ringverknadsanalyse i samarbeid med Høyskolen på Lillehammer. Dei blir oppfordra til å inngå samarbeid med ein eller fleire andre festivalarrangørar i Valdres, for å få ei større breidde på undersøkinga.

Landbruksdagen og Valdresgildet
får kr 15 000 til å utvikle arrangementa til eit fellesarrangement  i samarbeid med Valdres Matforum, fjellstyra, jeger- og fiskeforeningane og andre. Målsetting er å etablere en ”ny” festival i 2011. Landbruksdagen ynskjer å få nytt namn og å ha ein breiare profil med tema som jakt, fiske og friluftsliv, i tillegg til mat og landbruk.

Ridderrennets Venner
får 10 000 kroner i støtte til vidareutvikling av Ridderrennets Valdresprofil, blant anna på nettsida og i publikumsinvitasjonen (innstikk i diverse aviser).  

Vinjerock
får 35 000 kroner i støtte til å utvikle eit nettbasert system for dugnadshandtering. Det er ein føresetnad at dei andre medlemmene i festivalnettverket får kostnadsfri tilgang til systemet. Vinjerock har vore på utkikk etter eit godt system for handtering av dugnadsarbeidarar, utan å finne noko som er egna. Dei vel difor å utvikle eit sjølv. Fleire av dei andre festivalarrangørane i Valdres er interesserte i å nytte systemet, noko Vinjerock vil gje dei fri tilgang til.

Vinjerock får også 30 000 kroner  i støtte til innkjøp av nedbrytbart dekketøy med Valdres-profil. Her er det ein føresetnad at minimum tre festivalar er interesserte i å nytte dekketøyet. Det er snakk om maisbasert dekketøy med Valdres-logo og ei påskrift/nokre kloke ord om å ta vare på miljøet i Valdres. Dette vil fyrst vera aktuelt for festivalsesongen 2011.
 

Valdres no:

<<  Februar 2012  >>
 må  ty  on  to  fr  la  su 
    1  2  3  4  5
  6  7  8  9
13141516171819
202126
272829    

Fredag 10. Februar

Footloose

Sosiale medier

Rådmann Bacher teller opp gavebordetSprintmester Jan Arild , Kåre t.v. , Inger Torunn t.h.Innspurt 60 meter

Opning av storhall i Etnedal.

Festivalar