Turforslag 3: Strøkne løyper ved Sebu-Røssjøen

Ta turen til Lenningen. Der finn du mange flotte løyper.
Les meir her:

Turforslag 2: Frå Leirin skiløyper kan du skue innover mot Torfinnstindane og Kalvehøgda

Skardåsen er turens høgaste punkt på 1071 m.o.h.
Les meir her

Turforslag 1: Frå Beitostølløypene har du flott utsikt mot Mugnetind

Ta turen til Beitostølen og opplev høgfjellet!
Les meir her

Fagernes Hotel tilbyr ein smak av Valdres

Skriv ut E-post
Velkomen til oss for ein smak av Valdres, seier administreande direktør Kjetil Vassdal.


måndag 05. juli 2010 08:54, Nils Rogn
I sommar blir det ekte valdresmat å få på Quality Hotel & Resort Fagernes. – Me ynskjer å vera med å styrke opp om merkevarebygginga i Valdres, blant anna ved å støtte opp om lokale råvareprodusentar. I restauranten vår blir det ein smak av Valdres på menyen i heile sommar. Ja, me satsar faktisk på eit heilårstilbod, fortel ein entusiastisk administrerande direktør, Kjetil Vassdal.

- Det heiter seg jo at ”Valdres skjerper sansane”, fortset Vassdal. - Me vil difor at gjestene våre også skal få smake på litt av dei mange gode valdreprodukta før dei reiser att. Dette blir eit unikt konsept som faktisk er tenkt som eit heilårstilbod. Me håpar dette vil gje oss eit ekstra konkurransefortrinn sidan det er få andre som tilbyr dette. Valdresmaten er jo fantastisk god, smiler han.

Enkelt innkjøp

Hotellet vil kjøpe råvarene frå spekteret som medlemmene i Valdres Matforum tilbyr. Her er det i dag om lag 40 produsentar som representerer eit breitt utval av produkt.  Dei fleste har eit lite volum, men med eit felles bestillingspunkt og utkjøring frå Helle, blir dette enkelt å forhalde seg til. Vanlegvis vil det greie seg med ei bestilling i veka, meiner Vassdal.

God og sunn mat

- Tilbodet vil bli kunngjort for alle gjester ved ein faldar me har fått laga, fortel Vassdal vidare. Denne blir lagt på alle rom. Det vil også bli omtale på nettsida vår. Han forsikrar at valdresmaten ikkje blir dyrare enn andre rettar. – Kvaliteten blir dessutan heilt topp. Me har vore så heldige å få Peter Næsstrøm, tidlegare kokk  på Munkekroen, til å bestyre kjøkkenet vårt. Også kona hans, Maria, blir med hit. Ho er konditor og vil bake både økologiske brød, muffins og andre kaker. Her blir det mykje sunn mat, med andre ord!

Også til store selskap

Det blir ikkje berre enkeltgjester som får dette lokalmattilbodet på à la carte menyen. Hotellet tilbyr også ein smårettmeny som alle svoltne Fagernes-besøkande berre kan stikke innom å smake på, forsikrar Vassdal. Også kurs/konferansar og større selskap vil få valdresmat som eitt av alternativa når dei skal velja meny. – Me prøvde dette med stort hell på Næringslivets dag her i vår, og for alle gjester ved besøket av Kongeparet nyleg. Responsen var fantastisk, og det gjer oss trygge på at satsinga er rett, avsluttar Kjetil Vassdal.

"Ein smak av Valdres"

 

Valdres no:

<<  Februar 2012  >>
 må  ty  on  to  fr  la  su 
    1  2  3  4  5
  6  7  8  9
13141516171819
202126
272829    

Fredag 10. Februar

Footloose

Sosiale medier

Rådmann Bacher teller opp gavebordetSprintmester Jan Arild , Kåre t.v. , Inger Torunn t.h.Innspurt 60 meter

Opning av storhall i Etnedal.

Festivalar