Turforslag 3: Strøkne løyper ved Sebu-Røssjøen

Ta turen til Lenningen. Der finn du mange flotte løyper.
Les meir her:

Turforslag 2: Frå Leirin skiløyper kan du skue innover mot Torfinnstindane og Kalvehøgda

Skardåsen er turens høgaste punkt på 1071 m.o.h.
Les meir her

Turforslag 1: Frå Beitostølløypene har du flott utsikt mot Mugnetind

Ta turen til Beitostølen og opplev høgfjellet!
Les meir her

Suveren Sol

Skriv ut E-post
Heidi Ruud Ellingsen som Sol og Kristine Mari Hansen som trollkvinna Hanna. Foto: Nils Rogn


fredag 16. juli 2010 16:42, Nils Rogn

Suverent! Sol av Isfolket innfrir og byr på fengslande og fengande spel også i sin tredje sesong. Men så er det jo slik at alle gode ting er jo tre, berre det at her blir det betre og betre. Historia har fått ei klarare utvikling og ramme, og prestasjonane på scenen frå både dei proffe og dei glade amatørar, er til å få frysningar av.


Janne Langaas blir sjef for Teater Innlandet frå nyttår. Ho opna årets Sol av Isfolket. Foto: Nils Rogn
Janne Langaas blir sjef for Teater Innlandet frå nyttår. Ho opna årets Sol av Isfolket. Foto: Nils Rogn
Om nokre fåe seter var tomme, var til gjengjeld alle turre denne sommarkvelden. Regnet som hadde hølja ned tidlegare på dagen, bles bort med milde, sørlege vindar og publikum fekk ein god og sval sommarkveld. Påtroppande sjef for Teater Innlandet, Janne Langaas, opna spelet. Ho la vekt på entusiasmen, innsatsen og samhaldet slike spel skapar i lokalsamfunna. Kva bås Sol av Isfolket høyrer heime i var ikkje så farleg, det viktige var at historia engasjerer. Me skal kunne leva oss inn i personane og kanskje identifisere oss – eller naboen – med dei.

Nye folk

Så kunne kampen mellom det gode og den vonde starte. Med mange nye skodespelarar var det rom for nye tolkingar. Dette gav spelet ekstra dimensjon for oss som har sett dei to fyrste utgåvene. Berre Heidi Ruud Ellingsen som Sol var att av dei som hadde dei største rollene. Alle dei nye skodespelarane skapte truverdige personar og kom vel frå oppgåva. Me gløymde snart korleis rollene vart tolka i ”gamle dagar”.

Proffe og gode

Ola Stinnerbom, bror til regissør Leif, vart med si rolle som Tengel den onde, eit mannleg motstykke til heksa Hanna. Båe fôr både høgt og lågt med fantastiske rørsler som sådde tvil om dei var ”hengsla” på same måten som oss andre. Ekteparet Silje og Tengel var også nye av året. Ellen Birgitte Winter og Svein Harry Schöttker Hauge kom godt frå oppgåva som foreldra til Sol. Ny var også Frode Winter som fylte rolla som usympatiske Heming fogdedrepar. Han var skuldig i folkedrapet på Isfolket som berre Silje, Tengel og borna kom levande frå.  Sistemann av dei proffe, hedølen Cato Skimten Storengen, fylte for andre år rolla som Laurents Berenius godt.

Hanna og den unge Sol.  Foto: Nils Rogn
Hanna og den unge Sol. Foto: Nils Rogn

Gode amatørar

Også blant amatørane var mange skifta ut, born blir jo fortare eldre enn oss andre. I alle fall høver dei ikkje lenger som born når dei kjem opp i tenåra.  Vangsjenta Anne Heidi Kvam Hillestad imponerte som den unge utgåva av Sol. Men ikkje berre ho, alle dei lokale amatørane var med og skapte godt teater.

Uttrykksfull musikk

Like viktige som alle gode skodespelarar er dei fem musikarane. Ja, musikken er så viktig at her går alle skodespelarar i halling- eller springartakt.  Marit Karlberg har skapt musikk som understrekar og dramatiserer historia svært godt. I tillegg har ho ei uttrykksfull røyst som formidlar tekstane nær det perfekte.

14-årige Sol  leika ein farleg leik med  drengen. Foto: Nils Rogn
14-årige Sol leika ein farleg leik med drengen. Foto: Nils Rogn

Perfekt Sol

Om Fodnesåsen skygger for kveldssola utpå Storøya, var det Sol i rikt monn lell på museumsamfieet. Ikkje minst bidrog Heidi Ruud Ellingsen til dette med sin enorme energi og sitt uttrykksfulle spel. Ho er eit funn i rolla som Sol, og er grunn nok til å sjå spelet år etter år. Elles gjev tredje gongs besøk betre høve til å kose seg over dei små, men godt innstuderte detaljane i spelet.

Støtt Sol - møt opp!

Enno er det sju forestillingar att. Det er også mange billettar att, seier arrangøren med ei litt bekymra mine. Sjølv om denne tredje sesongen fekk ein vanskeleg start, er det ingen tvil om at resultatet har blitt det beste. Difor må alle valdrisar – anten dei har sett spelet før eller ikkje – kome seg på teater. Me treng eit slikt tilbod i regionen. Ringverknadane er store og positive, og me må sikre at sjølv om alle gode ting er tre, så høyrer den fjerde med – og femte,sjette, osv…

 

Stein Villa og Rune Glimsdal med fersk Sol-musikk på boks. Foto: Nils Rogn
Stein Villa og Rune Glimsdal med fersk Sol-musikk på boks. Foto: Nils Rogn
Margit Sandemo hadde fått skyss frå Sverige av Wilhelm Grindsater, hyttenabo inne i Grunke og spelemann i legendariske Skaggmannslaget. Foto: Nils Rogn
Margit Sandemo hadde fått skyss frå Sverige av Wilhelm Grindsäter, hyttenabo inne i Grunke og spelemann i legendariske Skäggmanslaget. Foto: Nils Rogn
 

Valdres no:

<<  Februar 2012  >>
 må  ty  on  to  fr  la  su 
    1  2  3  4  5
  6  7  8  9
13141516171819
202126
272829    

Fredag 10. Februar

Footloose

Sosiale medier

Rådmann Bacher teller opp gavebordetSprintmester Jan Arild , Kåre t.v. , Inger Torunn t.h.Innspurt 60 meter

Opning av storhall i Etnedal.

Festivalar