Turforslag 3: Strøkne løyper ved Sebu-Røssjøen

Ta turen til Lenningen. Der finn du mange flotte løyper.
Les meir her:

Turforslag 2: Frå Leirin skiløyper kan du skue innover mot Torfinnstindane og Kalvehøgda

Skardåsen er turens høgaste punkt på 1071 m.o.h.
Les meir her

Turforslag 1: Frå Beitostølløypene har du flott utsikt mot Mugnetind

Ta turen til Beitostølen og opplev høgfjellet!
Les meir her

Nye skilt i Fagernes

Skriv ut E-post
Østensviggarden med Fagerlundannekset er blant dei eldste bygningane på Fagernes.


onsdag 21. juli 2010 07:49, Anne Strand Moen

På 20 historiske bygningar i Fagernes er det i sommar montert nye informasjonsskilt. Skilta inneheld historiske bilete av bygningane, i tillegg til tekst på norsk og engelsk. Det er Carina Watkinson i designfirmaet Velour, som har utforma skilta på oppdrag frå Valdresmusea og prosjektet er støtta av Sparebankstiftelsen og Nord-Aurdal kommune.

Skilt frå Skarpsno.
Skilt frå Skarpsno.
Bakgrunnen for skiltinga er eit ynskje om å styrke formidlinga av dei kulturhistoriske verdiane i bygdebyen vår, samt 150-årsmarkeringa for etableringa av den fyrste skysstasjonen på staden, fortel Ole Aastad Bråten, seksjonsleiar ved Valdresmusea. Dei 20 bygningane representerer i tillegg høgdepunkt i byggjeskikk- og arkitekturhistoria på Fagernes.

Godt kjeldegrunnlag

Arbeidet som starta hausten 2009, har kasta nytt lys over historie og daglegliv for fleire av bygningane. Kjeldegrunnlaget er omfattande: 14 skriftlege og 28 munnlege kjelder syrgjer for kvalitetssikring av tekst og bilete. Viktigaste skriftlege kjelde er likevel Knut Hermundstad (1888–1976) som i 1954 gav ut boka om handel og næringsliv i Valdres.

Utforming og samarbeidspartnarar

Skilta er utforma av Carina Watkinson i designfirmaet Velour. Watkinson har også tidlegare utført arbeid for Valdresmusea; Bunad- og folkedraktrådet si heimeside og utstillinga Ikon, som opna 7. juni på Valdres Folkemuseum. Skilta er produsert med støtte frå Sparebankstiftelsen og Nord-Aurdal kommune.

Sjå alle skilta: Skilt_A3_Fagernes.pdf

 

Valdres no:

<<  Februar 2012  >>
 må  ty  on  to  fr  la  su 
    1  2  3  4  5
  6  7  8  9
13141516171819
202126
272829    

Fredag 10. Februar

Footloose

Sosiale medier

Rådmann Bacher teller opp gavebordetSprintmester Jan Arild , Kåre t.v. , Inger Torunn t.h.Innspurt 60 meter

Opning av storhall i Etnedal.

Festivalar