Turforslag 17: Riddarberget i Vang

Ein avstikkar opp til flagget i Rauberget gjev utsikt over Høresbygda.
Les meir her:

Turforslag 16: Madslangrudberget

Det fyrste bergflagget i Valdres, måla i 1897.
Les meir her:

Turforslag 15: Puttekollen

Lett tilgjengeleg topp med flott utsikt.
Les meir her:

Turforslag 14: Gardbergstigen

Ei vandring som tek deg langt tilbake i historia vår.
Les meir her:

Turforslag 13: Kviteberg

Bratt stig, men for ei utsikt!
Les meir her:

80 nye Valdresvertar

Skriv ut E-post
Med grøne Felleskjøpluer fekk deltakarane ei oppdatering om landbruket i dalføret. Foto: Nils Rogn


onsdag 25. mai 2011 12:31, Nils Rogn

Måndag og tysdag denne veka vart 80 valdrisar kursa i kunnskap om regionen. Etter å ha gjennomført åtte timar med basisinformasjon om landbruk, kultur/lokalhistorie, opplevingar, lokalmat, sal og service og merkevara Valdres, kan dei no kalle seg Valdresvertar.

Målsetjinga er at dei som besøkjer oss skal få ein høgare grad av service. Turistar og tilreisande lurer jo på så mykje, og då er det fint å kunne gje gode svar. Dei som arbeider i verksemder innan handel og reiseliv er i hovudmålgruppa for kurset, men også folk innanfor landbruk, kultur og offentleg sektor får ofte spørsmål det kan vera greitt å vite eit svar på.

Gratis kurs

Sjølv på slutten av åttetimarsdagen var det smil og engasjement blant deltakarane. Foto: Nils Rogn
Sjølv på slutten av åttetimarsdagen var det smil og engasjement blant deltakarane. Foto: Nils Rogn

Denne gongen var kurset ope for alle interesserte uansett bakgrunn, og det var gratis. Dei som stilte opp og auste av sin kunnskap gjorde det på dugnadsbasis. Opus Valdres var ansvarleg for gjennomføring av kursa, og Valdres Natur- og Kulturpark tok seg av dei utgiftene som følgde med i form av annonsering og traktering.

Dugnadsprosjekt

Med dei 80 nye Valdresvertane, er det no heile 630 av slikt slag i Valdres. Dette er eit nokså unikt opplegg i landssamanheng, og fleire andre regionar har lukta på ideen. Inger-Line Haraldsen som er dagleg leiar i Opus Valdres, hadde fått utarbeida mapper med informasjon til kvar enkelt, slik at det var enkelt å oppdatere seg om noko skulle gå i gløymeboka. – Det er flott med eit slikt tverrfagleg dugnadsprosjekt med fokus på Valdres. Responsen på utlysinga av kurset var kjempebra, og her er det folk frå alle delar av Valdres og frå alle yrkesgrupper. Hovudparten tek kurset på åtte timar over ein dag, medan vel tretti tek det over to kveldar, sa ho.

Tverrfagleg

Då me var innom heldt Jahn Børe Jahnsen på med ei vandring blant kulturminna i dalføret. Her er det nok å ta av så han brukte sine to timar til siste minutt. Før på dagen hadde Kjell Arne Berntsen sagt litt om kva ein Valdresvert er, og litt om kven det er som besøkjer oss. Atle Hovi hadde i sitt foredrag presisert at det er kunden som er sjefen, og delt ut boka si med same tittel. Guri Grønolen og Sonja Bordewich avslutta dagen med å fortelje om landbruket i Valdres ; – i går, i dag og i morgon.

Sonja Bordewich og Guri Grønolen orienterte om landbruket i Valdres. Foto: Nils Rogn
Sonja Bordewich og Guri Grønolen orienterte om landbruket i Valdres. Foto: Nils Rogn
 

Valdres no:

<<  Mai 2012  >>
 må  ty  on  to  fr  la  su 
   1  2  3  4  5  6
  7  8  91011
   

Sosiale medier

Fredriksten festningHalden fra Fredriksten festningSteinar Fundigsrud

Herlige Haldenkanalen - Parkmøte våren 2012

Festivalar