Å puste
Lett tilgjengeleg trimløype opna |
|
|
|
|
| torsdag 09. juni 2011 21:26, Nils Rogn |
|
Måndag kunne ordførar Helge Halvorsen klyppe snora som synleg bevis på at ei ny trimløype var klar til bruk. Løypa ligg lett tilgjengeleg i parken på Fagernes mellom gangbrua og klatrestativa ned for Rådhuset.
Løypa var den fjerde i rekka av liknande kommuneløyper, og er eit resultat av ei gåve frå Beitostølen helsesportsenters venner. Dei fekk i si tid 700 000 kroner frå Gjensidigestiftelsen som skulle brukast til ei løype i kvar kommune, pluss ei ved helsesportsenteret på Beitostølen.
Lågterskeltilbod- Denne løypa er eit lågterskeltilbod. Her kan folk på tur gjera enkle øvingar som ei avveksling på turen. Eg brukar sjølv å gå mykje, og den nye gang- og sykkelvegen som no er ferdig frå Bjørgo til Fagernes camping, er eit kjempeflott alternativ. Med desse trimapparata blir vegen endå meir komplett, sa ordføraren. Mange å takke
Ina Syversen som er folkehelsekoordinator i Valdres Natur- og Kulturpark og i Nord-Aurdal kommune, var også glad for løypa. – Det har teke tid å få ferdig løypa, og me har lært mykje undervegs. Men me har hatt mange gode hjelparar på vegen, og me takkar dei som har gjeve denne gåva og dei som har utført arbeidet.
|
Skrautvålsvegen 77, 2900 Fagernes.
Tlf. 61 35 94 50.
redaksjonen@valdres.no
Ansvarlig redaktør: Kjell Arne Berntsen.
Webredaktør: Nils Rogn.
Idé og konsept ved kommunikasjonsavdelingen i Valdres Natur- og Kulturpark. Webdesign og programmering Devant Digital Media.
Valdres Natur- og Kulturpark (VNK) har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.
Kopiering av materiale frå VNK Nett for bruk andre plassar er ikkje tillate utan avtale | © 2009 Valdres Natur- og Kulturpark