Turforslag 17: Riddarberget i Vang

Ein avstikkar opp til flagget i Rauberget gjev utsikt over Høresbygda.
Les meir her:

Turforslag 16: Madslangrudberget

Det fyrste bergflagget i Valdres, måla i 1897.
Les meir her:

Turforslag 15: Puttekollen

Lett tilgjengeleg topp med flott utsikt.
Les meir her:

Turforslag 14: Gardbergstigen

Ei vandring som tek deg langt tilbake i historia vår.
Les meir her:

Turforslag 13: Kviteberg

Bratt stig, men for ei utsikt!
Les meir her:

Valkyrien Allstars fekk fram kveldssola

Skriv ut E-post
Sola dukka opp vest i vangsfjella til dei fyrste tonane frå Valkyrien Allstars. Foto: Nils Rogn


onsdag 27. juli 2011 11:34, Nils Rogn

Det vart solefallskonsert ved Jaslangen i regnvåte Valdres. Då Valkyrien Allstars entra scenen, letta skydekket vest i Vang, og slepte til dei etterlengta solstrålane. Og på scenen stråla Valkyrien i frisk folkemusikalsk rock.

Valkyrien Allstars i forrykande spel. Foto: Nils Rogn
Valkyrien Allstars leverte ein flott solefallskonsert. Foto: Nils Rogn

Bortimot 600 hadde teke sjansen på at regnet ville halde seg unna, og hadde funne seg ein plass i lyngen når varaorførar Lars Kvissel helsa alle velkomne. Han helsa også sola velkomen, men minna om at mørkret også var tilstades i desse dagar. Han oppmoda alle som kunne å delta i minnemarkeringa etter ofra i Oslo og Utøya som skal arrangerast på Skiferplassen klokka 19 onsdag kveld.

Så sette tre hardingfeler, bass og slagverk i gang. Valkyrien Allstars veksla mellom det vare og såre til hard rockefot i repertoaret. Publikum var godt med og let seg begeistre. Me fekk høyre tekstar frå blant andre velmeinande og oppdragande Margrethe Munthe, lyrikaren Olav H. Hauge og frå vokalist Tuva Syversen. Frå den folkemusikalske skattekista kom stev og låttar, og dei hadde også eit par melodiar dei omtala som coverlåtar.

Tuva Syvertsen levde seg inn i musikken. Foto: Nils Rogn
Tuva Syvertsen levde seg inn i musikken. Foto: Nils Rogn

 

Den eine av desse hadde dei frå ”min største favorittduo i heile verda”, som Tuva uttrykte det – Sudan Dudan. Marit Karberg og Anders Røine har gjeve ut eit par CDar under dette namnet. Den andre var teke frå gruppa Kjøtt – ”Nå vil eg ikkje leke med teitingene mer”.

Med dette er Hilme-stemnet godt i gang. Konsertane kjem tett utover veka og i helga, og det vil bli høve til å høyre kappleikspel og sjå framifrå danseprestasjonar. Ikkje minst blir det  store dansekveldar på Valdres Folkemuseum. Les om programmet her.

 

Publikum kosa seg. Foto: Nils rogn
Publikum kosa seg. Foto: Nils Rogn

 

Jaslangen_oversikt
Solstrålane leika seg i Movatnet ved Jaslangen. Foto: Nils Rogn
 

Valdres no:

<<  Mai 2012  >>
 må  ty  on  to  fr  la  su 
   1  2  3  4  5  6
  7  8  91011
   

Sosiale medier

Fredriksten festningHalden fra Fredriksten festningSteinar Fundigsrud

Herlige Haldenkanalen - Parkmøte våren 2012

Festivalar