Turforslag 17: Riddarberget i Vang

Ein avstikkar opp til flagget i Rauberget gjev utsikt over Høresbygda.
Les meir her:

Turforslag 16: Madslangrudberget

Det fyrste bergflagget i Valdres, måla i 1897.
Les meir her:

Turforslag 15: Puttekollen

Lett tilgjengeleg topp med flott utsikt.
Les meir her:

Turforslag 14: Gardbergstigen

Ei vandring som tek deg langt tilbake i historia vår.
Les meir her:

Turforslag 13: Kviteberg

Bratt stig, men for ei utsikt!
Les meir her:

Riksantikvaren opna Bjørkheimstølen

Skriv ut E-post
Elsa "Sprossa" Rønnevig og Jørn Holme. Foto: Katharina Sparstad


måndag 08. august 2011 14:27, Katharina Sparstad

Laurdag 6. august var det formell opning av selet på Bjørkheimstølen  ved Kinnholt i Vestre Slidre. Selet er restaurert av Else «Sprossa!» Rønnevig frå Langesund. Else har i mange år vore glødande oppteken av kulturminnevern, og har mange restaureringsprosjekt bak seg. (Sjå Flickr bildeserie her).

Else har tidlegare hatt hytte i Vestre Slidre, men då denne brann ned for nokre år sidan, fall auga på ded nesten nedfalne selet på Kinnholt. Inga oppgåve ser ut til å vere for vanskeleg for Else, og no står selet der ferdig restaurert. Huset er eigd av Ola og Astrid Nordli, og Else får bruke huset i 10 år til avtala skal reforhandlast.

Mykje folk deltok på opninga. Foto: Katharina Sparstad
Mykje folk deltok på opninga. Foto: Katharina Sparstad

Dei som såg huset før ho gjekk i gang med tiltaket,  hadde nok ikkje sett for seg det dei ser i dag. Tiltaket har nok utfordra både byråkrati og lokalbefolkning. Men for Else som har via mesteparten av livet til restaureringsarbeid, gjekk dette veldig greitt.  Ho har også fått med seg naboar og vener på dugnadar, og mykje frivillig innsats er lagt ned i «gjenreisinga» av selet.

Som takk for dette vart alle som har vore involvert i tiltaket invitert til ein opningsmarkering. Antrekket skulle vere som budeie eller handverkar kring 1800-talet. Dette hadde dei fleste tatt til følgje, og dei ca. 75 frammøtte gav saman med  bygning og stølslandskap eit nostalgisk preg.

Andris Hemsing spelte hardingfele ved opninga. Foto: Katharina Sparstad
Andris Hemsing spelte hardingfele ved opninga. Foto: Katharina Sparstad

Til stades på opninga var også sjølvaste Riksantikvaren, Jørn Holme. Han skulle klyppe bandet ved den formelle opninga. Det var ei stor ære at han la turen innom Valdres i eit elles svært travelt program. Han nøgde seg heller ikkje berre med å klyppe snora, men nytta spontant høve til å koma med lovord til prosjektet og Else Rønnevig. Kulturvernet treng både hjarte og eldsjeler, og Else Rønnevig har båe delar. Han nytta også høvet til å rose Valdres for arbeidet i Verdiskapingsprogrammet på Kulturminneområdet.

I tillegg til han, held varaordførar i Vestre Slidre,  Lars Kvissel, kulturkonsulent i VNK, Katharina Sparstad, formidlingsansvarleg ved Valdresmusea Ole Aastad Bråten og bygningsvernrådgjevar Odd Arne Rudi ei helsing.

Tiltaket er støtta av Valdres Natur- og Kulturpark og Norsk Kulturminnefond gjennom Verdiskapingsprogrammet på Kulturminneområdet.  Delar av restaureringa har vore organisert  gjennom kurs i samarbeid med Valdresmusea og Valdres Natur- og Kulturpark og ”Heime og på støle” - prosjektet i Vestre Slidre.

Bjørkheimstølen. Foto: Katharina Sparstad
Bjørkheimstølen. Foto: Katharina Sparstad

Kulturkonsulenten presiserte at det var takka vere eldsjelar som Else Rønnevig at Verdiskapingsprogrammet vart vellukka.  Utan eldsjeler og engasjement skjer det ingen ting. Samstundes har Bjørkheimstølen viktig dokumentasjonsverdi. Else skal mellom anna lage ei bok om staden,  og gjennom alle kursa som har vore her, har mange fått høve til å bli kjent med byggeskikken i Valdres og restaureringsteknikkar.  Her har det blant anna vore kurs i tørrmuring, vindauge, taktekking, og gamle gjerdeteknikkar.

Budeiemøte ved stølen. Foto: Nils Rogn
Budeiemøte ved stølen. Foto: Katharina Sparstad

Tiltaket har også vore eit kroneksempel på koordinering av verkemidlar på tvers av sektorer.

Sjå link til film frå Verdiskapingsprogrammet og restaureringsprosjektet her

Fyldig bildeserie finn du på Flickr

 

Valdres no:

<<  Mai 2012  >>
 må  ty  on  to  fr  la  su 
   1  2  3  4  5  6
  7  8  91011
   

Sosiale medier

Fredriksten festningHalden fra Fredriksten festningSteinar Fundigsrud

Herlige Haldenkanalen - Parkmøte våren 2012

Festivalar