Å puste
Valdres Scene får 100 000 |
|
|
|
|
| onsdag 05. oktober 2011 13:10, Nils Rogn |
|
I eit år har Valdres Scene arrangert konsertar du ikkje visste at du vil like. 11 flotte konsertar/framsyningar har det blitt. No stør også Norsk kulturåd konserttilbodet med eit tilskott på 100 000 kroner. I 2009 vart den nasjonale arrangørordninga Den Norske Folkemusikkscena lagt ned. Bakgrunnen var eit ynske om å styrke nettverket av profesjonelle konsertarrangørar rundt om i landet. Dessutan kvilte det forventingar om at musikkmiljøa skulle samarbeide på tvers av sjangrane, om turnelegging og etablering av konsertscener. ForankringYnskja om styrking av konsertarrangørar finn politisk forankring i Stortingsmelding nr. 21 (2007–2008) Samspill. Her heiter det at ein: ”går inn for en ny felles tilskuddsordning for arrangører innenfor det rytmiske musikkfeltet. Den nye ordninga skal ha som formål å sikre drift og programmering for arrangører, klubber, scener og festivaler innenfor det rytmiske feltet.” Situasjonen i ValdresDet er tett mellom konsertopplevingane i Valdres, særleg i sommarhalvåret. Til trass for at festivalane dreg kjende artistar innan alle sjangrar, finst det ikkje ressursar til å ta imot profesjonelle musikarar på turné elles i året. Valdres SceneDet er Austnorsk folkemusikksenter som driftar tilbodet ved Valdres Scene. Stikkord for konsertane er musikk frå alle sjangrar, kvalitet, breidde og variasjon. Dagleg leiar for Austnorsk folkemusikksenter og konsertansvarleg er Bente Hemsing. |
Skrautvålsvegen 77, 2900 Fagernes.
Tlf. 61 35 94 50.
redaksjonen@valdres.no
Ansvarlig redaktør: Kjell Arne Berntsen.
Webredaktør: Nils Rogn.
Idé og konsept ved kommunikasjonsavdelingen i Valdres Natur- og Kulturpark. Webdesign og programmering Devant Digital Media.
Valdres Natur- og Kulturpark (VNK) har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.
Kopiering av materiale frå VNK Nett for bruk andre plassar er ikkje tillate utan avtale | © 2009 Valdres Natur- og Kulturpark