Turforslag 17: Riddarberget i Vang

Ein avstikkar opp til flagget i Rauberget gjev utsikt over Høresbygda.
Les meir her:

Turforslag 16: Madslangrudberget

Det fyrste bergflagget i Valdres, måla i 1897.
Les meir her:

Turforslag 15: Puttekollen

Lett tilgjengeleg topp med flott utsikt.
Les meir her:

Turforslag 14: Gardbergstigen

Ei vandring som tek deg langt tilbake i historia vår.
Les meir her:

Turforslag 13: Kviteberg

Bratt stig, men for ei utsikt!
Les meir her:

Mange satsar på ei framtid i landbruket

Skriv ut E-post
Deltakarar på Unge bønder kurset. Foto: Magnhild Strand


tysdag 21. februar 2012 15:29, Magnhild Strand

Heile 53 deltakarar hadde funne vegen til Nythun for å delta på Eigarskifte eller Unge bønder kurs i helga. Deltakarane kom frå heile Oppland, men rundt halvparten var frå Valdres.

Kursa vart arrangert i eit samarbeid mellom Oppland Bondelag og prosjektet Kurs for nye bønder i Valdres som Valdres Landbruksrådgiving og Valdres Natur- og Kulturpark står bak.

Eigarskiftekurset gav praktisk innføring i jus, økonomi og dei mellommenneskelege sidene ved eit eigarskifte. Unge bønder kurset tok for seg rolla som bedriftsleiar, korleis ha god styring med rekneskap moms og skatt, og kva moglegheiter ein har for å utvikle garden.

Mange frammøtte på kurset for eigarskifte. Foto: Magnhild Strand
Mange frammøtte på kurset for eigarskifte. Foto: Magnhild Strand

Blant innleiarane var dei lokale økonomirådgivarane Ole Arne Fugllien og Odd Erik Holden, BU-konsulent Aslag Hamre og banksjef Arne Svennæs. Dei lokale gardbrukarane Anne Berit Strømmen Strand, Torgeir Svalesen og Anne Finnbråten formidla erfaringar frå  eigarskifteprosessen, om bruk av hest i næring og om Inn på tunet-verksemd.

Deltakarane på kurset gav uttrykk for at dei hadde plukka opp mange nyttige råd for gardsdrifta. Ikkje minst meinte dei at det var givande å treffe så mange andre som er i ein liknande situasjon og som ein kan drøfte tankar og idear med.

 

Valdres no:

<<  Mai 2012  >>
 må  ty  on  to  fr  la  su 
   1  2  3  4  5  6
  7  8  91011
   

Sosiale medier

Fredriksten festningHalden fra Fredriksten festningSteinar Fundigsrud

Herlige Haldenkanalen - Parkmøte våren 2012

Festivalar