Sokk
Svenske «björnar» til Vinjerock |
|
|
|
|
| torsdag 22. mars 2012 12:55, Nils Rogn |
|
Bandet som stod bak «Årets låt 2011» i nabolandet kjem til Jotunheimen. Sjumannskollektivet «Den Svenska Björnstammen» ramla ut frå skogane ved Norrköping med eit brak i fjor, og gjorde storeslem når svenskane skulle heidre sine eigne tidlegare i vinter. No kjem dei til Eidsbugarden. Lydverket på NRK kallar dei den største pop-sensasjonen i Sverige i fjor. Svensk P3 kåra dei til årets nykommar. Bandet sjølve latar til å la suksessen seile sin eigen sjø, dei har i staden behalde fokuset på å lage glade låtar om alt og ingenting. Og heile eventyret om bjørnane har altså sitt utspring frå ei hytte i skogen. Funk med høgt hårMaya Vik har også funne vegen til årets Vinjerock-plakat. Du har ganske sikkert sett ho før, som bassist for blant andre Savoy, Furia, Montée og NRK-bandet Svidd Gummi. I vinter kom solodebuten, «Châteu Faux-Coupe», som fall godt i smak hjå kritikarane. «Leiken funk-extravaganza» skreiv ein anmeldar, og Dagbladet spurde seg om det fantes noko denne dama ikkje fekk til? Programmet snart ferdigI følge Høyme Rogn gjenstår no berre nokre få postar i musikkprogrammet til årets festival. – Vi har etter kvart fått til eit program vi er veldig stolte av. Fire-fem plassar gjenstår framleis, og vil bli lansert etter påske. Elles gjenstår heile aktivitetsprogrammet, og mange andre godbitar, som kjem i tur og orden fram mot juli. |
| 20.01 | Nå skal det handle om å bry seg... |
| 31.12 | Takk 2012, velkommen 2013. |
| 24.12 | God jul fra alle oss |
| 17.12 | Se de siste videointervjuene fra Farmen |
| 12.12 | Skøyeren Falk er ”Grepa stolt tå Valdres” |
Skrautvålsvegen 77, 2900 Fagernes.
Tlf. 61 35 94 50.
redaksjonen@valdres.no
Ansvarlig redaktør: Arne Bang.
Webredaktør: Nils Rogn.
Idé og konsept ved kommunikasjonsavdelingen i Valdres Natur- og Kulturpark. Webdesign og programmering Devant Digital Media.
Valdres Natur- og Kulturpark (VNK) har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.
Kopiering av materiale frå VNK Nett for bruk andre plassar er ikkje tillate utan avtale | © 2009 Valdres Natur- og Kulturpark