• 1
  • 6
  • 7
  • 8
  • 9

Felles om framtida for Valdreslandbruket

Skriv ut E-post
Pressekonferanse: Journalist Helge Gudheim blir orientert om spørjeundersøkinga. Bak Gudheim sit Anne Røllång, Aslag Hamre, Kåre Skogstad, Henrik Grøndalen, Lars Kvissel og Guri Grønolen. Foto: Nils Rogn


torsdag 22. mars 2012 19:49, Nils Rogn

Ei spørjeundersøking går i desse dagar ut til alle mjølkebønder i Valdres. Her blir dei oppmoda om å setja av eit kvarter for å svara på nokre spørsmål  om framtida si.

Bakgrunnen er initiativet som vart teke i november med seminaret ”Landbruk etter alpemodellen – Tine Fosheim etter alpemodellen”.  Her skisserte Christian Anton Smedshaug frå Landbrukets Utredningskontor ei utvikling i Valdres som kunne samanliknast med Alpane. Landbruket der hadde ein høg grad av foredla produkt, familiebruket fungerte som ein perpetuum mobile, stølsbruken var stor og  lokal kultur og landbruket sette sin preg på områda. Dette kunne i tillegg godt kombinerast med turisme og hytteutbygging. Kort sagt – perfekt for Valdres!  Smedshaug avrunda med å påpeike at framtida låg i å koma attende til dei lokale, grøne og jordnære verdiar etter ei periode med meir globalt tankesett.

375 mjølkeprodusentar

Spørjeundersøkinga er ein del av eit forprosjekt som bygdeutviklingsstyret, faglaga og produsentlaga i Tine har starta i lag med Fylkesmannen i Oppland og Landbrukets Utredningskontor.  Her er heile landbruket i Valdres målgruppe, men ein har i fyrste omgang valt å fokusere på mjølkeprodusentar med kyr. Alle som dreiv med mjølk i 2007 pluss dei som har starta opp etterpå, blir oppmoda om å svara på spørsmåla. Nokre har slutta med mjølk etter 2007, men det er viktig at også dei tek seg tid til å svara for å avdekke grunnane til avviklinga. I alt er det rundt 375 som vil få tilsendt spørjeskjemaet.

Enkle spørsmål

- Det er enkle og greie spørsmål, og ein vil kunne svara på alle utan å leite fram rekneskapstal eller anna, fortel Guri Grønolen og Aslag Hamre. Dei er lokale tilretteleggjarar for fylkesmann og bygdeutviklingsstyre. Med seg har dei Anne Røllång som har arbeidspraksis hjå Fylkesmannen i Oppland. - Ho vaskar adresselistene, finn fram telefonnummer og e-postadresser, og har mange nyttige innspel i arbeidet med spørjeundersøkinga, seier Guri og Aslag.

Nyttig verktøy

Kåre Skogstad, Henrik Grøndalen og Lars Kvissel er bøndenes representantar i arbidsgruppa. Foto: Nils Rogn
Kåre Skogstad, Henrik Grøndalen og Lars Kvissel er bøndenes representantar i arbidsgruppa. Foto: Nils Rogn

Dei meiner at undersøkinga vil vise kva grep som bør takast i Valdres for å sikre eit levedyktig landbruk her. Lars Kvissel som er leiar i bygdeutviklingsstyret, håpar at resultatet kan vera med å påverke sentrale myndigheiter. – Dette vil forhåpentlegvis synleggjera kva som trengst av konkret innhald i landbrukspolitikken framover. – Ja, dette må bli eit verktøy som bør og skal brukast til å legge press på politikarar, seier Henrik Grøndalen som representerer både Bondelaget og produsentlaga.

Refleksjon om framtida

Kåre Skogstad,  som i tillegg til produsentlagsrepresentant også har eit bein innafor hjå Bonde- og Småbrukarlaget, er einig med sine kollegaer. – Denne undersøkinga gjer at bøndene kan setja seg ned og reflektere litt om framtida. Det er bra, meiner han. Alle tre er vande med å ”stikke seg fram” og meine mykje om Valdreslandbruket. No håpar dei å få fram standpunkta hjå ”grunnfjellet”, hjå dei som kanskje ikkje seier så mykje i møtesamanheng.

Valdreslandbruket

Dei tre er også samde om å gå bort frå omgrepet ”Alpemodellen”, og vil heller bruke Valdresmodellen/-landbruket. – Me skal ikkje kopiere landbruket i Alpane. Landbruket må tilpassast Valdres og dei tilhøva me har her, seier Henrik Grøndalen. -  No er det viktig at det blir stor oppslutning om spørjeundersøkinga slik at ein får eit godt fundament å bygge på, meiner dei alle tre. – Dette fundamentet vil også vera viktig å bygge på i ein komande revisjon av bygdeutviklingsprogrammet som skal skje neste vår, seier Aslag Hamre.

Svar før påske

Spørjeskjemaet vil denne veka bli tilgjengeleg for alle i målgruppa, og det er meininga at ein skal svara elektronisk. Dersom noko ikkje har e-post eller nettilgang, vil Anne Røllång kunne hjelpe til med utfyllinga. – Me har sett ein kort svarfrist, og alle bør ha sendt inn før påske, seier ho. Landbrukets Utredningskontor garanterer full anonymitet, og dei vil bruke tre månadsverk på å samanstille svara og koma med ein rapport.

Linken til undersøkinga finn du her: https://response.questback.com/landbruketsutredningskontor/m4dvmnsmvv/

 

Ver så snille og gå inn på linken og svar på spørsmåla, ber dei seks. Foto: Nils Rogn
Ver så snille og gå inn på linken og svar på spørsmåla, ber dei seks. Foto: Nils Rogn
 

valdres-blogg

Valdres no:

Sosiale medier

Ådne Kolbjørnshus  utradisjonelt hallingkast.Ådne slik gamlekaradn gjorde det.Merete, Anne. Lene og Julia.

Sjå bildeserie frå Valdresdagen 2013.

Festivalar


  • Festivalar
  • Festivalar
  • Festivalar
  • Festivalar
  • Festivalar
  • Festivalar
  • Festivalar
  • Festivalar
  • Festivalar

Sjå alle festivalar