18
Påskeharen med Vinjerock-billettar |
|
|
|
|
| onsdag 04. april 2012 21:03, Nils Rogn |
|
I påska kan det opne seg moglegheiter for dei som manglar festivalpass til årets Vinjerock. Då kjem påskeharen med sekken full av påskeegg til fjellheimen øvst i Valdres. Bli med på jakta etter egg med festivalpass på ski, truger eller fjellsko, oppmodar festivalleinga. Etter at Vinjerock vart utseld på rekordtid har festivalen alliert seg med påskeharen for å gje billettlause Vinjerockarar moglegheita til å jakte på ein plass i sola til sommaren. Jaktsesongen startar høgt til fjells skjærtorsdag og avsluttast i låglandet 2. påskedag. – Dette er rett og slett ei god, gamaldags påskeegg-jakt. Me krev rettnok at du må røre litt på deg, men slik eg kjenner «Vinjerockarane» er det det minste problem i verda, meiner festivalsjef Eirik Høyme Rogn. Nye gøymestader kvar dagKvar dag blir det nye oppgåver ein kan bryne seg på, og den som er ute etter ein plass framfor scena i Jotunheimen må rekne med både hjernetrim og fysisk aktivitet for å finne godsakene. – Kvelden i førevegen vil me legge ut kart, navigasjonskoordinatar eller rebusar på Facebook-sida vår for å gje leietrådar til kor ein kan finne egga. Dermed kan ein kan ein bruke kvelden til å finne ut kvar haren tek turen dagen etter, seier PR-sjef Turid Lindboe Reite. Jaktstart ved to-tidaSidan arrangørane helst ser at folk ligg i sengene sine framfor å flyge ute i fjellheimen på nattetid, er det ingen egg å finne før litt ut på dagen. – Vinjerock handlar om å kose seg i lag med andre fjellfantar, så me oppmodar folk til å finne påskeharen, slå av ein prat og ha det kjekt i lag med andre «jegerar». Eggjakta blir offisielt sett i gang på den aktuelle staden ved to-tida kvar dag, forklarar PR-sjefen. |
| 20.01 | Nå skal det handle om å bry seg... |
| 31.12 | Takk 2012, velkommen 2013. |
| 24.12 | God jul fra alle oss |
| 17.12 | Se de siste videointervjuene fra Farmen |
| 12.12 | Skøyeren Falk er ”Grepa stolt tå Valdres” |
Skrautvålsvegen 77, 2900 Fagernes.
Tlf. 61 35 94 50.
redaksjonen@valdres.no
Ansvarlig redaktør: Arne Bang.
Webredaktør: Nils Rogn.
Idé og konsept ved kommunikasjonsavdelingen i Valdres Natur- og Kulturpark. Webdesign og programmering Devant Digital Media.
Valdres Natur- og Kulturpark (VNK) har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.
Kopiering av materiale frå VNK Nett for bruk andre plassar er ikkje tillate utan avtale | © 2009 Valdres Natur- og Kulturpark