Sokk
Valdres aktuell samarbeidspart for estisk prosjekt |
|
|
|
|
| tysdag 10. april 2012 11:42, |
|
I veka før påske var Gunhild Røyne og Katharina Sparstad frå Valdres Natur- og Kulturpark i Tallin i Estland for å besøke moglege samarbeidspartnarar for ungdoms- og kulturminnearbeid. Hovudtema for eit samarbeidet vil vera ny bruk av gamle bygningar. Estland har mange gamle gods som no er fylt med aktivitetar for born og ungdom. Mari Marstein fra Romerike museum sammen med estisk kontakt på gamle hageanlegg. Foto: Katharina Sparstad
Estland har etter at dei vart sjølvstendige brukt mange ressursar på å sette i stand dei gamle godsa (Manors). Gjennom EØS-avtalen er Noreg forplikta til å delta i ulike tiltak og prosjekt innan helse, miljøvenleg teknologi, utdanning, frivillig sektor og kulturminne. I den samanheng vil eit mogleg samarbeid med Valdres vera aktuelt. - Sjølv om me ikkje har slike gods i Valdres, har me fleire samanfallande oppgåver innan både nærings- og lokalsamfunnsutvikling, seier kulturminnekonsulent Katharina Sparstad i Valdres Natur- og Kulturpark. Estarane har allereie treft moglege samarbeidspartnarar innanfor gards- og stølsnettverket i Valdres, då dei var på vitjing i Valdres i oktober. Les meir her. Estisk programleiar, Liina Jänes, og Norsk kontakt hjå Riksantikvaren, Aleksandra Petie Einen. Foto: Katharina Sparstad
Det er Estland som skal søke om samarbeid med Noreg, og når dei har bestemt seg for kva dei ynskjer å samarbeide om, vil Valdres legge til rette for at dei finn dei relevante tiltaka her. - Sjølv om Valdres har kome lenger innan lokalsamfunnssatsing, er det mange element og tiltak i Estland me kan lære av, seier Sparstad. - Dessutan er det inspirerande å sjå korleis andre møter likande utfordringar som me har. Me håpar difor at me får til mange gode samarbeidstiltak med estarane, avsluttar Sparstad. |
| 20.01 | Nå skal det handle om å bry seg... |
| 31.12 | Takk 2012, velkommen 2013. |
| 24.12 | God jul fra alle oss |
| 17.12 | Se de siste videointervjuene fra Farmen |
| 12.12 | Skøyeren Falk er ”Grepa stolt tå Valdres” |
Skrautvålsvegen 77, 2900 Fagernes.
Tlf. 61 35 94 50.
redaksjonen@valdres.no
Ansvarlig redaktør: Arne Bang.
Webredaktør: Nils Rogn.
Idé og konsept ved kommunikasjonsavdelingen i Valdres Natur- og Kulturpark. Webdesign og programmering Devant Digital Media.
Valdres Natur- og Kulturpark (VNK) har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.
Kopiering av materiale frå VNK Nett for bruk andre plassar er ikkje tillate utan avtale | © 2009 Valdres Natur- og Kulturpark