• 1
  • 2
  • 7
  • 8
  • 9

Framtidsretta stølskonferanse på Fagernes

Skriv ut E-post
Anny og Geir Harald Fodnes har fått god meirverdi av mjølka si ved å yste på stølen. Geir Harald fortel om dette på konferansen.


sundag 15. april 2012 19:46,

Fredag 11. og laurdag 12. mai inviterer Fylkesmannen i Oppland, Norsk seterkultur og Valdres Natur og Kulturpark til Nasjonal stølskonferanse på Fagernes. Her blir det sett fokus på stølsdrift som kulturberar inn i framtida, med dei utfordringane og muligheitene dette kan gje.

- Me har store forventningar til denne konferansen, seier ei entusiastisk Katharina Sparstad frå Norsk seterkultur. - Mange har ei oppfatning av at stølsdrift er noko som tilhøyrer «gamle dager”. Men me oppfattar at dette er noko av det mest framtidsretta for matproduksjon i fjellbygdene. Desse to dagane vil me sette fokus på dei muligheitene og utfordringane ei framtidsretta stølsdrift vil føre med seg.

Kvalitetsfortrinn

Stolskonferanse_born
Ingrid Kristina Ringen Rognås kosar seg på stølen i lag med geitene. Foto: Jan Askildsen

Det er mange fordelar ved støling. Unike kvalitetsfortrinn på både kjøt og mjølk er ein av dei største. Under konferansen vil dei unike kvalitetane ved stølsmjølka bli særleg vektlagt. Vidare blir det sett fokus på korleis ein kan ta ut ein meirverdi av stølsprodukta i marknaden. Programmet er fullt av høgdepunkt, leiaren i HANEN, Bernt Bucher Johannesen, skal blant anna snakke om verdiskaping. Også Eivind Hålien frå Norgesgruppen, Elisabeth Morthen frå Tine, Hanne Sickel frå Bioforsk og Geir Harald Fodnes frå Strandmo stølsysteri har innlegg på konferansen. Andre tema disse dagane vil vera alternative energikjelder, stølslandskapet og næringsutvikling.

Framleis ledige plassar

Alle som vil delta på konferansen må melde seg på innan 20. april. Mange har alt meldt seg på, men det er framleis plass til fleire.  - Meld dykk på, oppfordrar Guri Grønolen hjå Fylkesmannen i Oppland. Arrangørane ønskjer at flest muleg skal koma, og håpar at stølsbrukarar og stølsinteresserte frå heile landet ser dette som ei mulegheit til å få inspirasjon og kunnskap, samstundes som ein møter likesinna for å utveksle erfaringar.

Sjå program og påmeldingsinformasjon her.

Sjå elles stor stølsreportasje frå Valdres på VG Nett i 2010

 

Valdres no:

<<  April 2014  >>
 må  ty  on  to  fr  la  su 
   1  2  3  4
23242627
282930    

Sosiale medier

Back to the 80`s - Ung i ValdresBack to the 80`s - Ung i ValdresBack to the 80`s - Ung i Valdres

SISTE: Back to the 80`s.

Festivalar


  • Festivalar
  • Festivalar
  • Festivalar
  • Festivalar
  • Festivalar
  • Festivalar
  • Festivalar
  • Festivalar
  • Festivalar
  • Festivalar

Sjå alle festivalar

VLMS_logo_farge.jpg