Brødskive
Mjølkebønder - gje Brekk noko å tygge på! |
|
|
|
|
| måndag 16. april 2012 14:21, Nils Rogn |
|
Før påske vart det sendt ut ei spørjeundersøking til alle mjølkebøndene i Valdres. Målet er å få svar på kva mjølkebøndene vil for framtida. Bondelaga, Bonde- og småbrukarlaga, TINE Produksjonslaga, Valdres Natur- og Kulturpark og Fylkesmannen i Oppland står saman om undersøkinga. Kva må til for at mjølkebonden skal satse for framtida? Kva kan dei som ikkje lenger driv aktivt ha av innspel som kan hjelpe til å gje svar på dette? Ved å svare på spørjeundersøkinga har mjølkebonden i Valdres ein god moglegheit til å gje Lars Peder Brekk saklege innspel. Fleire svar gjev større tyngdeDet praktiske rundt undersøkinga er det Landbrukets Utredningskontor som gjennomfører. Her er det høg fagleg kompetanse til å laga gode analysar og gjennomføring av spørjeundersøkingar. - Det er viktig for eit truverdig resultat at flest mogleg svarar. Fleire svar gjev større tyngde i argumenta overfor myndigheiter og opinionen, seier Margaret Eide Hillestad hjå Landbrukets Utredningskontor. Frist 23. april- Det har til no har kome inn 158 svar på undersøkinga. Det tilsvarar ein svarprosent på opp mot 50, noko som er bra, seier Guri Grønolen. – Me takkar alle som har svara, og håpar at nokre fleire sender inn sine svar før fristen. Henrik Grøndalen representerer Tine Produsentlaga i Valdres samt Bondelaget, og Kåre Skogstad representerer også Tine Produsentlaga samt Småbrukarlaget. Dei er samstemde: – Mange har svara, men me treng så stor oppslutning som mogleg. Det er enno ikkje for seint, send inn svaret ditt innan 23. april! |
| 20.01 | Nå skal det handle om å bry seg... |
| 31.12 | Takk 2012, velkommen 2013. |
| 24.12 | God jul fra alle oss |
| 17.12 | Se de siste videointervjuene fra Farmen |
| 12.12 | Skøyeren Falk er ”Grepa stolt tå Valdres” |
Skrautvålsvegen 77, 2900 Fagernes.
Tlf. 61 35 94 50.
redaksjonen@valdres.no
Ansvarlig redaktør: Arne Bang.
Webredaktør: Nils Rogn.
Idé og konsept ved kommunikasjonsavdelingen i Valdres Natur- og Kulturpark. Webdesign og programmering Devant Digital Media.
Valdres Natur- og Kulturpark (VNK) har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.
Kopiering av materiale frå VNK Nett for bruk andre plassar er ikkje tillate utan avtale | © 2009 Valdres Natur- og Kulturpark