• 1
  • 6
  • 7
  • 8
  • 9

Staut er årets Valdresambassadør

Skriv ut E-post
Prisutdelar Bjørg Brestad i lag med Staut. Frå venstre Dag Arve Sandnes, Ørnulf Juvkam Dyve, Torgeir Bolstad, Gaute Lein Ausrød og Asle Tronrud. Tom Jonli var ikkje til stades. Foto: Nils Rogn


tysdag 24. april 2012 13:36, Nils Rogn

Under arrangementet Næringslivets dag på Fagernes hotell tysdag, vart gruppa Staut kåra som årets Valdresambassadør. I tillegg fekk TV-serien Valdres Teens heiderleg omtale.

Før prisvinnaren vart offentleggjort fall det seg slik at Asle Tronrud frå Staut hadde ein post på programmet. Presentasjonen hadde tittelen "STAUT - en kulturbedrift i vekst", og Tronrud fortalde om ei eventyrleg utvikling. Dei hadde auka omsetninga frå 1,2 millionar i 2010 til eit forventa tal på 4,5 millionar i år. Det inneber at dei må gjennomføre om lag 70 konsertar attåt at dei alle har "normale" jobbar. Hjå NRK P1 har dei hatt fire nasjonlae radiolisitingar, dei har vore tre gonger i tv-programmet GodMorgen Norge, på Førkveld, Spellemannsprisen og på Senkveld.

Viktigast å ha det moro

Valdresambassador_salen
Om lag 120 deltakarar følgde nøye med då Asle Tronrud fortalde om suksessen Staut. Foto: Nils Rogn

Travelt, men moro, meinte Asle Tronrud. Suksessfaktorar var gode låtar og tekster, genuint norsk lydbilde, namnet Staut, dialekt og ei einsarta profilering. Medlemmene i gruppa utfylte dessutan kvarandre på ein svært bra måte, ungt og sprekt blod i lag med meir erfarne karar. Til slutt kom Tronrud inn på det proffe apparatet rundt gruppa. - Og så må me ikkje gløyme å ha det moro. Det er utruleg kva entusiasme kan medføre, sa han.

Populære ambassadørar

Før gruppa slapp til med ein song, kom Bjørg Brestad med ei hyggeleg overrasking. Heilt tilfeldig, påstod ho, etter at programmet for dagen var fastsett, hadde juryen kome fram til at Staut fortente tittelen Årets Valdresambassadør. Utdelinga som var planlagt på slutten av dagen, vart difor flytta fram Dei om lag 120 som var tilstade gav tydeleg uttrykk for at dette var ei populær avgjersle.

Folkrock

I grunngjevinga for utdelinga heiter det: ”Som alle veit er Valdres kjent for sine lange og sterke tradisjoner innen folkemusikk og klassisk musikk. De siste åra har i tillegg arrangement som Vinjerock og Trollrock sett Valdres på kartet i en musikksjanger som folk flest ikke forbinder med Valdres. Samtidig har STAUT kommet på banen og kombinerte de nye og gamle musikkformene på en flott og spennende måte. Begrepet «folkrock» blir brukt om denne musikkformen, som vi kanskje før mest har forbundet med Odd Nordstoga og Hellbillies. Forskjellene er bare at i dag er det Staut som har hegemoniet og er det overlegent mest populære bandet innen folkrock i Norge.

Sjå sole og Slepp me inn fenga bra i salen. Foto: Nils Rogn
Sjå sole og Slepp me inn fenga bra i salen. Foto: Nils Rogn

Stoltheit

Staut synger på Valdresdialekt og profilerer Valdres på en fantastisk flott måte. De seks spreke karene er tøffe, de er moderne, samtidig som de har musikkrøttene godt plantet i jorda der de gamle spellemenn ligger begravet. Slikt gir stolthet hos alle med tilknytning og kjærlighet til Valdres.

På tv

Ørnulf Dyve tok imot diplom og ein sjekk på 5 000 kroner "til trivselfremjande tiltak i turnebussen", som Mikael Fønhus uttrykte det. Foto: Nils Rogn
Ørnulf Dyve tok imot diplom og ein sjekk på 5 000 kroner "til trivselsfremjande tiltak i turnebussen", som Mikael Fønhus uttrykte det. Foto: Nils Rogn

 

Staut har gjort seg særlig fortjent til prisen ved alle opptredener i radio, TV og på scener land og strand rundt. Senest i februar var bandet gjester hos Thomas og Harald i Senkveld der de ble intervjuet og spilte "Slepp me inn" fra det siste albumet "Eigarlaus". Eigarlaus var det andre albumet i rekken etter at debutalbumet Staut ble sluppet så sent som i 2010. STAUT har hatt begge sine album inne på VG-lista. Eigarlaus har ligget inne på VG-lista Topp 40, hele 11 uker, og var ein stund helt opp på 2. plass".

Hald fram som de stemnar

- Det er et ungt band og en ung bedrift vi har med å gjøre; - nesten som en konfirmant og regne. Og, som den stolte mor eller far pleier å si i talen til konfirmanten; - Gratulerer med dagen – hold fram som du stevner, sa prisutdelar Bjørg Brestad avslutningsvis.

 

valdres-blogg

Valdres no:

<<  Mai 2013  >>
 må  ty  on  to  fr  la  su 
  
  

Sosiale medier

Ådne Kolbjørnshus  utradisjonelt hallingkast.Ådne slik gamlekaradn gjorde det.Merete, Anne. Lene og Julia.

Sjå bildeserie frå Valdresdagen 2013.

Festivalar


  • Festivalar
  • Festivalar
  • Festivalar
  • Festivalar
  • Festivalar
  • Festivalar
  • Festivalar
  • Festivalar
  • Festivalar

Sjå alle festivalar