Enke
Saueklypping og motorsagduell under LiV-dagane |
|
|
|
|
| torsdag 26. april 2012 12:22, Nils Rogn |
|
Våren er hektisk for mange i landbruket, men kanskje særleg sauebøndene har aktive dagar og gjerne netter no i april. Sauene skal fyrst få klypt den lange vinterulla, og deretter fyllest sauebingane med mange nye liv. Lamminga er i full gang. Ikkje alle sauene var like lette å skubbe seg på. Flotte horn på sauebukken Horn av rasen gamalnorsk spelsau. Foto: Nils Rogn
Hjå Tor Horn i Volbu stod klyppinga for tur rett før helga, og Eirik Kolbjørnshus og Oddgeir Hilmen Fodnes stilte med nyslipt utstyr. Dei vel hundre søyene skulle få sommarpels i løpet av dagen. Tor Horn har mest spelsau i fjøset, men også om lag 30 dalasau. Nokre av desse var av den svarte typen, og Tor hadde planar om å bruke denne ulla sjølv. – Ja, eg har ein gamal trerull som eg vil prøve å laga filt av ulla med, slik som steppefolket i Mongolia framleis gjer, smiler Tor. (Sjå denne linken) NorgesrekordforsøkEirik Kolbjørnshus er koordinator for gjennomføring av LiV-dagane andre helga i juni, og det var han som hadde invitert pressefolk til denne saueklyppinga. - På LiV-dagane i sommar vil me prøve å setje norgesrekord i hurtigklypping av sau, fortel han. Helga 9. og 10. juni skal denne landbruksfestivalen arrangerast for andre gong på Valdres Folkemuseum, og eit dusin klypparar frå Austlandet og Rogaland kjem for å tevle. - Norgesrekorden blir hard å slå, det er snakk om å koma ned på 23 sekund, fortel Eirik. For Norsk kvit sau (dalasau) er rekorden faktisk 21,7 sekund, medan verdsrekorden ligg på utrulege 17,02 sekund. Då går det rimeleg kjapt. Sjølv om sauene er ”preparert” litt på førehand, må ein ha både handelag og hurtigheit for å koma under halvminuttet. – Me håpar jo at nokon skal koma under 30 sekund, og til og med nærme seg og kanskje slå norgesrekorden, seier Eirik. 20 i timenSjølv opererer han med eit snitt på 20 sauer i timen på vanleg bygdeklypping. – Er sauene greie og ulla god å klyppe, har eg vore oppe i ca. 35 i timen, fortel han. Av lokale er det no berre han og Oddgeir Hilmen Fodnes som driv aktivt med klypping I Valdres. Dei klypper om lag 3 000 sauer kvar no på våren. Dei utanlandske klypparane gjorde seg ferdige for ein månad sidan, så no har dei marknaden åleine. – Eg er veldig godt nøgd med lokale krefter, seier Tor Horn. - Dei gjer ein svært bra jobb, og eg har ikkje lamming før rundt 10. mai så det passar meg best å ta dette no. KonkurransemiljøOddgeir har klypt sau i 15 år, og driv no og trappar noko ned, fortel han. – Eg har jobba på Nortura-anlegget på Gol. Der var me 5-6 klypparar som kvar tok mellom 3-400 sau per dag. Dette er eit miljø prega av konkurranse og høg arbeidsmoral. Me starta kl. 06 presis, og hadde to timars økter med ein halvtime pause mellom. Då er det slik at me held på til klokka slær – eit par minutt er jo to-tre sauer. Gode kollegaerOddgeir har rekna litt på at han har klypt ein stad mellom 180 000 og 200 000 sau på desse 15 åra. No konsentrere han seg mest om eigen gard og sauebestning – og gjetarhunden. – Eg er ikkje så motivert til dette kjøret lenger, fortel han. – Oddgeir har vore mentoren min, seier Eirik, og roser arbeidskollegaen for alle gode tips han har fått frå han. - Eg har no drive på i fem år, og har vel runda mine fyrste 50 000 sau. Dei driv for det meste kvar for seg rundt om i Valdres, men nokre flokkar tek dei i lag – om ikkje anna for å skjerpe konkurranselysten. Motorsagduell og veteranbilarNo må dei berre passe på å esle att ca. tretti sauer til konkurransane på LiV-dagane. Då skal norgeseliten av klypparar tevle om rekordar, medan eit skodelystent publikum kan heie fram raske ”rundetider”. Eirik opplyser elles at valdresordførarane ikkje kan vera dårlegare med motorsaga enn Fabian Stang, og at dei dermed skal duellere – under kyndig oppsyn av bygdeungdomslaget. Søndag blir det oppvising av veteranbilar inne på museet i og med at det årlege Valdresløpet kjem i mål her. - Og mykje meir som me kjem tilbake til etter kvart, smiler Eirik. |
Skrautvålsvegen 77, 2900 Fagernes.
Tlf. 61 35 94 50.
redaksjonen@valdres.no
Ansvarlig redaktør: Arne Bang.
Webredaktør: Nils Rogn.
Idé og konsept ved kommunikasjonsavdelingen i Valdres Natur- og Kulturpark. Webdesign og programmering Devant Digital Media.
Valdres Natur- og Kulturpark (VNK) har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.
Kopiering av materiale frå VNK Nett for bruk andre plassar er ikkje tillate utan avtale | © 2009 Valdres Natur- og Kulturpark