|
I Norsk Sjakkfestival som utspelar seg på Quality Hotel & Resort Fagernes denne veka, møtest 126 spelarar frå inn og utland for å tevle om å setja motstandaren i sjakk matt. Me møtte tre av den yngre garde, og dei var ikkje i tvil om at sjakk er gøy.
Moro var det nok også utanom sjølve konkurransespelinga. – Me blir fort venner og finn på mykje artig når me ikkje spelar, fortalde August Berntsen Øybø på 11 år. Han var frå Oslo, og hadde sikra seg 2,5 poeng etter to sigrar og ein remis. Kazim Yilmaz på 14 år kom frå Modum og var på Fagernes for andre gong. Han låg foreløpig på 2. plass, og hadde fire parti att. Tredjemann me prata med var Andreas Fossan frå Stavanger. Han hadde fylt tolv år, og hadde vore med på Fagernes for to år sidan. Unge år til trass, det var drivne sjakkspelarar me prata med.
Fleire parti var alt avgjort då me var innom, men det var framleis mange som sat djupt konsentrerte over brikkene for å finne strategien som kunne matte motstandaren. Foto: Nils Rogn
- Korleis trenar de til ei slik turnering, ville eg vite. – Det blir mykje pugging av parti som er spelt tidlegare, og ulike opningar og trekk som skal overraske motstandaren. Ein må kunne konsentrere seg og helst tenkje nokre trekk framover, svara dei. Gutane hadde spelt sjakk i 4-5 år og var bestemte på at sjakk absolutt kunne måle seg med videospel og andre ungdommelege aktivitetar. – Dette er både spennande og moro, sa dei.
Hans Olav Lalum er eit kjent ansikt. Blant mangt anna er han også sjakkspelar. Foto: Nils Rogn
Ved dommarbordet på årets sjakkfestival møter eit kjent ansikt oss – Hans Olav Lalum. – Eigentleg har eg ikkje tid til dette, men sjakk er jo så moro, smiler han. Det er fyrste gongen han er med på denne turneringa, og han har gått rett inn i jobben som dommarsjef. Som gamal sjakkspelar kan han spelet ut og inn, og har delteke på fleire turneringar.– Det er jo hyggeleg med eit slikt stort arrangement i Oppland, og så er Valdres ein flott stad, seier han som grunnar for at denne festivalen vart prioritert i ei travel tidsplan.
- Det beste resultatet mitt er vel ein 2. plass i det opne norgesmeisterskapet i Gausdal for nokre år sidan. Men dei seinare åra har det blitt for mykje anna å drive med til at eg har fått tid til denne hobbyen. Jobben min her er å syte for at tilhøva er så gode som råd for alle spelarane, og å løyse opp i konfliktar som måtte oppstå, seier Lalum før han tek seg ei runde i spelelokalet.
Med seg i dommarjobben har han Roar Nærheim frå Sandnes ved Stavanger. Han fortel at i sjakk er det ingen diskriminering for alder og kjønn. - Her kan tiåringar tevle mot åttiåringar, og damer mot menn. Også funksjonshemma deltek på like vilkår. Kva klasse spelarane tevlar i er avhengig av korleis ein har gjort det i tidlegare turneringar – ut frå eit poengsystem/ranking, forklarar han.
Far og son Nærheim. Foto: Nils Rogn
- Det er fjerde gongen eg er med her, fortel han vidare. – Dette er ein av dei beste spelhallane eg har vore borti, og det er kjempefint at det samtidig er hotellet der dei fleste bur. Medan me pratar kjem sonen Mats på ni år innom. Han er med i turneringa og har vunne eit parti til no, medan tre parti står att. På spørsmål kan han bekrefte at han alt slær far sin. – Ja, det er difor eg ikkje er med ved brettet, men heller tek meg av det arrangementsmessige, smiler faren. |