|
– Kvifor ikkje plukke med seg ein 2000-meterestopp eller åtte på veg inn til Vinjerock, spør Hallgrim Rogn, Vinjerock sin aktivitetssjef. Saman med Vang Turlag arrangerer dei i år tidenes fjelltur inn til festivalen.
– Me startar på Valdresflye, og sender bagasjen vår med MB Bitihorn. Med dagstursekk på ryggen plukkar me med oss nokre av dei gjævaste toppane i heile Jotunheimen, fortel ei oppglødd Eli Belsheim i Vang Turlag. Den saftigaste nyhenda i årets turprogram på Vinjerock, er eit samarbeid mellom Vinjerock, Vang Turlag og fjellførarane Henning Gladheim og Odd Eivind Holo. Turlaget tek med seg vandrarane på ei rute utanom dei brattaste fjella, medan fjellførarane har luftigare ambisjonar. – På turen til Torfinnsbu fyrste dagen skal me plukke med oss heile sju 2000-meterstoppar, fortel Gladheim.
Hit, på taket av Vang - Vestre Kalvehøgde 2208 moh. - går turen til Vinjerock. Foto: Nils Rogn
Fleire lågterskeltilbod
I sedvanleg Vinjerock-stil blir det også eit stort utval av fjellturar og kurs av mange slag når festivalen er i gang. – Gamle heltar som Uranostind, Falketind og Galdeberg falmar aldri, og står sjølvsagt på programmet også i år, fortel Hallgrim Rogn. – I tillegg blir det blant anna elvepadling, våttkortkurs for kajakk, innføringskurs i klatring og kitekurs, berre for å nemne noko. Fleire andre kurs er også på veg inn i programmet.
Etter ynskje frå publikum har Vinjerock også auka fokuset på lågterskeltilbod til gjestene sine. Dette er turar som ikkje krev påmelding, og som kan takast «på sparket». Blant desse er samarbeidsprosjektet «Sju Tindar», som festivalen skipar saman med Eidsbugarden Budstikke. Sju flotte turar i nærområdet til Eidsbugarden er plukka ut, og ventar på besøk frå fjellrockarane. Vinjeknappen, dei to Utsikten-toppane, Torshammaren, Sløtafjell, Høgbrotet og Gravafjell er dei sju utvalde toppane.
– Me lagar eit stemplingskort som alle kan hente i turinfoen på festivalen, og legg ut klippetenger i varden på alle toppane, fortel Birger Løvland i Eidsbugarden Budstikke, og lovar at alle som har vore oppom samtlege sju toppar kan vente seg ei lita overrasking.
Gnagsårpris også i år
Den Norske Turistforening har sidan 2007 vore festivalens hovudsamarbeidspartnar, og er i år sterkare representert enn nokon gong, som ein konsekvens av skipinga av DNT Valdres og Vang Turlag det siste året. Båe er representerte på festivalen, og vil bemanne festivalen sin turinformasjon, i tillegg til å ta med seg Vinjerockarane ut på store og små turar i løpet av festivalen.
Reinsbukken som ein passerer på veg opp til Sløtafjellet. Foto: Nils Rogn
– DNT si ungdomsgruppe har også meldt sin ankomst, og ryktet seier at dei freistar med både morgonbading, slakk line, kart- og kompasskurs og ein heil del andre sprell, slår aktivitetssjefen fornøgd fast. Styrkeprøva «Den Store Gnagsårprisen» blir arrangert også i år. Samarbeidsprosjektet med DNT og Alfa Sko har eitt enkelt mål: Vinnaren er den som har vore innom flest DNT-hytter på veg til festivalen. – Han som vann for to år sidan var innom 38 (!) hytter på veg til festivalen, så her ligg lista høgt. Men det vankar heldigvis trøystepremiar også til mange av dei som ikkje kjem øvst på lista, fortel Hallgrim med eit smil.
Fartsfylt multisport
Aktivitetssjefen påstår at Vinjerock har verdas sprekaste festivalpublikum, og held fram konkurransen Vinjerock:Multisport som prov på akkurat det. – Her kavar alt frå bakfulle bergensarar til overtrente birkebeinarar rundt i tre timar, og kosar seg så best dei kan for å løyse flest mogleg av dei utsette postane i løpet av tre timar. I 2010 var konkurransen så populær at arrangørane måtte utvide kapasiteten tre gonger.
Å balansere over Mjølkedøla på ei turrgran er ein av dei meir publikumsvennlege øvingane i multisportkonkurransen. Foto: Nils Rogn
- Konseptet vert som før med tre timar og tretti postar, men me skal nok klare å hoste opp ein nyheit eller to som kan verta potensielle publikumsvinnarar. I år har me sett eit tak på totalt 75 tomannslag, og reknar med at det blir fylt opp ganske fort, slår Hallgrim fast, og røper avslutningsvis at fleire godbitar er i vente framover mot festivalstart. |