18
Nasjonal stølskonferanse på Fagernes |
|
|
|
|
| onsdag 16. mai 2012 13:19, Katharina Sparstad |
|
11.- og 12. mai gjesta om lag 90 stølsbrukarar, folk innan forsking, landbruksforvalting og andre interesserte frå heile landet Fagernes Hotell for å samlast kring temaet stølsdrift. Konferansen vart arrangert av Fylkesmannen i Oppland, Norsk seterkultur og Valdres Natur- og Kulturpark. - Vi er svært nøgde med responsen på konferansen, seier både Guri Grønolen og Katharina Sparstad frå Norsk seterkultur/Valdres Natur- og Kulturpark. Dag ein var lagt opp til meir overordna tema og strategiar, med diskusjon og gruppearbeid. Blant innleiarane var leiaren i Hanen, Bernt Bucher, Eivind Hålien, sjef for lokalmat og spesialitetar i NorgesGruppen, Hege Homlong, direktør for vekst og utvikling i TINE, Hanne Sickel frå Bioforsk, Christian Anton Smedshaug frå Landbrukets utredningskontor og stølsbrukar Geir Harald Fodnes frå Strandmo gardsysteri i Valdres. Hanne Sickel viste til resultat frå undersøking av stølsmjølk, som viser at kjøt og mjølk frå fjellet inneheld spesielle verdiar innan umetta feitsyrar, antioksydantar og betakaroten. Dette gjer mellom anna smøret gulare, mjukare og meir lagringsdyktig. Ein raud tråd både frå TINE, NorgesGruppen og Hanen, var ei klar endring i marknaden for spesialprodukt. TINE er no i i gang med prosjekt som skal følgje opp dette behovet i marknaden. Det har også blitt meir aktuelt med sesongprodukt i hyllene. Hålien frå NorgesGruppen, viste til butikkane som har sett av ekstra hylleplass til lokal mat. Samstundes er det ei utfordring å få selt produkta. Ofte er det manglande marknadsføring av nye produkt. 60% av dei nye spesialprodukta går dukken i løpet av dei første tre åra. Dag to var det meir fokus på praktiske løysingar. Her fekk mellom anna stølsbrukar frå Grøset seter, Bjørn Karsten Ulberg, presentere stølen sin. Han fortalde at utfordringane hadde vore mange, og at det er ekstra tungt når kommune og forvalting er negative. Stølsbrukar Sigmund Røysland i Tinn driv utan straumnett, og fortalde korleis han fekk stølen til å fungere med ein kombinasjon av aggregat, vindmølle og solselle. Han driv stølen Selstasli med ti mjølkekyr og lokalforedling fordi tankbilen ikkje kjem fram. Siv Beate Eggen frå Snåsa stølslag fortalte om korleis de hadde bygd opp seternettverket der oppe. Stølslaget i Snåsa er nominert til Kulturlandskapsprisen 2012. Også Norsk Kulturarv ved Simen Bjørgen fekk presentere seg på konferansen. Nokre stølar har fått Olavsrosa, mellom anna Herdalsetra som har take vare på både bygg og kulturlandskap. Feltbiologen Tanaquil Enzensberger tok oss med på ein vandring i det biologiske mangfaldet der vi vart kjende med ei rekkje utrydningstruga artar som treng beiting og lys for å overleve. |
| 20.01 | Nå skal det handle om å bry seg... |
| 31.12 | Takk 2012, velkommen 2013. |
| 24.12 | God jul fra alle oss |
| 17.12 | Se de siste videointervjuene fra Farmen |
| 12.12 | Skøyeren Falk er ”Grepa stolt tå Valdres” |
Skrautvålsvegen 77, 2900 Fagernes.
Tlf. 61 35 94 50.
redaksjonen@valdres.no
Ansvarlig redaktør: Arne Bang.
Webredaktør: Nils Rogn.
Idé og konsept ved kommunikasjonsavdelingen i Valdres Natur- og Kulturpark. Webdesign og programmering Devant Digital Media.
Valdres Natur- og Kulturpark (VNK) har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.
Kopiering av materiale frå VNK Nett for bruk andre plassar er ikkje tillate utan avtale | © 2009 Valdres Natur- og Kulturpark