17
«Årets skjeggebuse» skal kårast på Vinjerock |
|
|
|
|
| fredag 01. juni 2012 21:05, Nils Rogn |
|
Vinjerock og nettbutikken Barbershop skal i samarbeid kåre «Årets skjeggebuse 2012» under sumarens festival. – Stil og kreativitet tel like mykje som kvantum og lengde, slår juryleiar Andreas Doppelmayr fast. Fredag 20. juli skal han altså kårast, den fyrste vinnaren av den nyoppretta hårete kåringa i fjellheimen. – Det skulle jo berre mangle at vi ikkje slo eit slag for skjegget. Vinje sjølv hadde openbert gode vekstvilkår i nedre halvdel av fjeset, men skjegget hass var alltid i stussen. Og det kunna heilt sikkert koma godt med i kald motvind høgt til fjells, seier festivalsjef Eirik Høyme Rogn med eit smil, og vedkjenner samstundes at han truleg har for dårleg dekningsgrad til å delta sjølv. Barbershop.no er festivalen sin samarbeidspartnar i kåringa, og eigaren Andreas Doppelmayr, opphaveleg frå Øystre Slidre, har fått rolla som juryleiar. Med i juryen er også Fondsbu-vertinne og vinjepatriot Solbjørg Kvålshaugen, samt ein representant frå Vinjerock. Sistemann i juyren skal i framtida vera den føregåande vinnaren, men i år jaktar juryen etter ein lokal skjeggebuse som kan ta på seg eit vikariat. Ikkje diskrimineringHøyme Rogn kan fortelje at tanta hass meinte at ei slik konkurranse var diskriminerande, då ho sjølv ikkje hadde føresetnader for å delta. – Men dette har vi take høgde for. Ved sidan av rikeleg med barberingsutstyr frå Barbershop får vinnaren sjølvsagt to festivalpass til neste års festival. Vi erkjenner at det bak ein kvar stram skjeggebuse står ei sterk kvinne, som også skal få sin del av bonusen i kjølvatnet av mannfolkas hårete eskapader, slår festivalsjefen fast. Naudhjelp på tampenFor den som ikkje har heilt sving på barberkosten, men som likevel vil vera med i konkurransen, kan Doppelmayr love naudhjelp i siste liten. – Vi kjem til å køyre nokre stuntkurs i tradisjonell barbering på Vinjerock i år, så om du kjem til fjells med mykje hår men lite fasong skal vi sørge for å gjere deg «fit for fight», fortel han med eit smil, og presiserer at han også vil lære bort barberkunsten til andre, sjølv om dei ikkje ynskjer å stå skulerette framfor juryen etterpå. |
| 20.01 | Nå skal det handle om å bry seg... |
| 31.12 | Takk 2012, velkommen 2013. |
| 24.12 | God jul fra alle oss |
| 17.12 | Se de siste videointervjuene fra Farmen |
| 12.12 | Skøyeren Falk er ”Grepa stolt tå Valdres” |
Skrautvålsvegen 77, 2900 Fagernes.
Tlf. 61 35 94 50.
redaksjonen@valdres.no
Ansvarlig redaktør: Arne Bang.
Webredaktør: Nils Rogn.
Idé og konsept ved kommunikasjonsavdelingen i Valdres Natur- og Kulturpark. Webdesign og programmering Devant Digital Media.
Valdres Natur- og Kulturpark (VNK) har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.
Kopiering av materiale frå VNK Nett for bruk andre plassar er ikkje tillate utan avtale | © 2009 Valdres Natur- og Kulturpark