• 1
  • 6
  • 7
  • 8
  • 9

Valdres fyrst ute med TurApp

Skriv ut E-post
Sentrale personar bak Turapp Valdres: Frå venstre Julia Helgesen, Kjell Arne Berntsen, Magne Grihamar, Erlend Eggen og Merete Hovi. Foto: Nils Rogn


torsdag 14. juni 2012 22:29, Nils Rogn

Brukarar av smarttelefon har i dag fått ein ny applikasjon å laste ned – ein turapplikasjon for Valdres. På denne vil ein finne 46 kvalitetssikra turforslag med ruteomtale, GPS-spor og flotte bilde. I nær framtid vil turtilbodet omfatte 85 turar, og appen er eineståande i sitt slag her til lands.

Dette fortalde gründerane og vangsgjeldingane Magne Grihamar og Erlend Eggen under lanseringa. Dei eig selskapet TurApp AS i lag med Eirik Høyme Rogn, og har på oppdrag frå Valdres Natur- og Kulturpark og Valdres Destinasjon dei siste seks månadane arbeidd med applikasjonen. I konseptet deira for digital formidling av turmål og friluftsaktiviteter ligg også ei nettløysning. Denne finn ein på www.turapp.no/valdres/  -  www.valdres.no/tur/.

TurApp Valdres inneheld både fjellturar, vandreturar, sykkelturar, fiskeplassar og padleturar. Det er lagt vekt på å få ei god fordeling av turar frå alle valdreskommunar, og med ulik vanskegrad. – I presentasjonen har me lagt vekt på vekke lysta til å gå på tur med flotte bilde og gode kart. Me vil også legge til rette for å skrive ut turane på papir som turistar og andre utan smarttelefon kan få på turistinformasjonar og turiststader, fortel utviklarane.

- Plattforma er på nynorsk, fortel vangsgjeldingane, men bestillarane våre ville ha turomtalen på bokmål sidan dei meiner dette når fleire. I fyrste omgang vil TurApp Valdres vera tilgjengeleg for Iphone via App Store. Løysningar for andre smarttelefonar er under planlegging, og vil bli lansert seinare.

- Me ser på dette som god marknadsføring for valdresregionen, og utviklarane har hatt stort fokus på brukarvennlegheit, gode kart- og GPS-løysningar, og ikkje minst profesjonelle fjellbilde frå Glittertind Forlag, seier Merete Hovi som er dagleg leiar i Valdres Destinasjon. - TurApp er eit framtidsretta verktøy for reiselivet, med mange nye bruksområde. Dette vil vera fyrste steg ut i den elektroniske verda for oss.

Innhaldet vil bli oppdatert løpande etter kvart som nye turar blir lagt til i turdatabasen. Ein vil ta imot melding om dette ved å opne applikasjonen.

 

valdres-blogg

Valdres no:

Sosiale medier

Ådne Kolbjørnshus  utradisjonelt hallingkast.Ådne slik gamlekaradn gjorde det.Merete, Anne. Lene og Julia.

Sjå bildeserie frå Valdresdagen 2013.

Festivalar


  • Festivalar
  • Festivalar
  • Festivalar
  • Festivalar
  • Festivalar
  • Festivalar
  • Festivalar
  • Festivalar
  • Festivalar

Sjå alle festivalar