• 1
  • 6
  • 7
  • 8
  • 9

Reserven vann Fønhustevlinga

Skriv ut E-post
Glad prisvinnar Synnøve Orvik mellom Mia Bull-Gundersen, redaktør i Aschehoug forlag og Magne Omsrud, dagleg leiar i Hedda Hytter. Foto: Nils Rogn


torsdag 21. juni 2012 10:55, Nils Rogn

- Og novella kan du lesa her.
Ei veke i slutten av april var ti ungdommar samla på Bjørke i Vassfaret for å leva slik som forfattaren Mikkje Fønhus. Utan tekniske hjelpemiddel skulle dei leva i pakt med naturen, og slik bli inspirerte til å skrive.

Det var Fønhusgruppen med Kundan Rockstad som primus motor som hadde ideen til denne villmarksveka. Dei ville prøve å få Fønhus fram til dagens ungdom, og fekk positiv reaksjon frå Valdres vidaregåande skule og Valdres Folkehøgskule - dette vile dei gjerne vera med på. Med på laget vart også ut i Naturen/NRK1 og Aschehoug forlag, som har gitt ut bøkene til Mikkjel Fønhus.

Villmarksveke

Etter eit kort og hektisk skrivekurs og orientering om opplegget på skulane, fekk forlaget inn tjue tekster til vurdering. Ti vart plukka ut til å delta på veka, fem frå kvar skule. I utgangspunktet kjente elevane ikkje stort til kvarandre, men dei vart fort ein samansveisa gjeng – åtte jenter og to gutar. Utan straum, mobiltelefon og data, vart det ei stor omstilling for ungdommane. Dei ti ungdommane utanfor Bjørke. Foto: Nils Rogn

Dei ti ungdommane utanfor Bjørke. Foto: Nils Rogn

 

Reiseklar – vinnarnovella

Vinnar Synnøve Orvik. Foto: Nils Rogn
Vinnar Synnøve Orvik. Foto: Nils Rogn

Sist veke var ungdommane på ny samla på Bjørke. No for å få vite resultatet av skrivearbeidet. Mia Bull-Gundersen frå forlaget kunne fortelje om sterke og imponerande tekster, og at det ikkje hadde vore noko lett jobb å plukke ut vinnaren. Det var likevel ein tekst som juryen samla seg om, ein sterk tekst om menneske og natur.  Det var dette som  var tema for oppgåva, og i novella Reiseklar hadde Synnøve Orvik løyst dette på ein imponerande måte, meinte Bull-Gundersen.

Moden skribent

Det viste seg at Synnøve hadde kome inn som reserve heilt i siste liten, då ei av dei som var utplukka måtte melde forfall. Bull-Gundersen rosa måten Synnøve Orvik hadde løyst oppgåva på. – Dette var modent skrive av ein så ung forfattar. Hald fram og skriv, sa ho. Reiseklar handlar om ein gamal mann sine lengslar og levde liv. Tida går sakte i livet hans no, men Einar som mannen heiter, er viljesterk og handlekraftig. Han skal ut og ro! – Rørande, men aldri sentimentalt, sa Bull-Gundersen.

Ingen utskeiingar

Prisen frå forlaget var på 10 000 kroner, og den lokale hedalsverksemda Hedda Hytter kunne skyte på med eit liknande beløp. Alle deltakarane fekk dessutan ein termos – til bruk når dei kom attende på tur i Vassfaret. – Eg kjem nok til å spare kronene, dei kjem godt med i den vidare utdanninga mi, sa Orvik. Etter at ho var ferdig på folkehøgskulen 9. mai, hadde ho fått seg sumarjobb i heimbyen Ålesund. Til hausten skulle ho ta eit årsstudium her.

Kundan Rockstad hadde vore primus motor for veka. Utan han er det tvilsamt om dette hadde blitt noko av, sa fleire. Foto: Nils Rogn
Kundan Rockstad hadde vore primus motor for veka. Utan han er det tvilsamt om dette hadde blitt noko av, sa fleire. Men her er det han som takkar. Foto: Nils Rogn

Fantastisk veke

Ho kunne fortelje at ho begynte å skrive på novella medan ho var på Bjørke. – Det var ei fantastisk flott oppleving å vera her. Me begynte å ta det innover oss utover i veka kva me opplevde, sa ho. Ho ville ikkje trekke fram nokon spesielle hendingar frå veka, men framheva heilheita og det at dei var utan spesielle tidsrammer.

Nynorsk novelle

Novella skreiv ho på nynorsk. Ho hadde hatt bokmål på folkeskulen, men tok eit bevisst val på vidaregåande om å byte til nynorsk. Det angrar ho ikkje på no, men om ho ville satse på eit skrivande yrke visste ho ikkje enno. Valdresportalen har fått tilgang på novella som interesserte kan les her.

TV-program til hausten

Ulf Myrvold kunne love minst eit program frå villmarksveka til ungdommane. Foto: Nils Rogn
Ulf Myrvold kunne love minst eit tv-program frå villmarksveka til ungdommane. Foto: Nils Rogn

Alt som skjedde i villmarksveka og under premieutdelinga vart registrert med kameraet til NRK. Ulf Myrvold frå Ut i Naturen redaksjonen, var til stade og han kunne love minst eitt program til hausten. – Ungdom og natur er godt fjernsyn, sa han. – Ein halvtime er utgangspunktet, men når me får gått gjennom alle opptak, kan det bli meir.

Fellesskapet er premien

Som talskvinne for elevane, bar Kari Tunheim ein stor takk til alle som hadde stått på for dei. Foto: Nils Rogn
Som talskvinne for elevane, bar Kari Tunheim fram ein stor takk til alle som hadde stått på for dei. Foto: Nils Rogn

 

Ungdommane takka alle involverte for det dei hadde fått oppleva. – De har stått på pinne for oss, for at me skulle ha det bra. Me har alle blitt merka av denne veka, og me takkar dykk alle som har gjort dette mogleg. Om det vart plukka ut ein vinnar her i dag, meiner eg at på ein måte er me alle vinnarar. Det er det me skapte i lag som er premien,  sa Kari Tunheim.

Folksamt på Bjørke denne dagen. Her er alle samla. Foto: Nils Rogn
Folksamt på Bjørke denne dagen. Her er alle samla. Foto: Nils Rogn
 

valdres-blogg

Valdres no:

Sosiale medier

Ådne Kolbjørnshus  utradisjonelt hallingkast.Ådne slik gamlekaradn gjorde det.Merete, Anne. Lene og Julia.

Sjå bildeserie frå Valdresdagen 2013.

Festivalar


  • Festivalar
  • Festivalar
  • Festivalar
  • Festivalar
  • Festivalar
  • Festivalar
  • Festivalar
  • Festivalar
  • Festivalar

Sjå alle festivalar