|
Bygdeutviklingsstyret i Valdres gjev årleg ei støtte på nær sju millionar kroner til ulike investeringar/prosjekt innan landbruket i Valdres. Fire av bøndene som har motteke støtte, fekk nyleg heile styret på besøk for å sjå på resultatet av satsinga.
Stig Hermundstad på Rolandsgarden held til litt oppe i dalsida i Rogne med flott utsikt mot Volbu. Han tok imot på det velstelte gardstunet, og fortalde at drifta hans var basert på mjølk og kjøtproduksjon. Med ei kvote på 112 500 liter (leiger 25 000), og ein liten snikkarverkstad attåt, hadde han nok å henge fingrane i. Av dyrka jord hadde han 95 mål heime, og 45 mål på stølen ca. 1000 moh. Attåt dette onna han 75 mål leigd jord, og hadde dyra på 40 mål beite.
Møkjakum med flott utsikt! Foto: Nils Rogn
Kum til husdyrgjødsel
BU-tilskotet han fekk for tre år sidan, gjekk til ein gjødselskum på 710 m³. Med 16 kyr pluss påsett, vart det etter kvart nødvendig med betre plass åt husdyrgjødsla. No dreiv han og vurderte kva han skulle gjera med uthuset som var frå 1937. Det tok til å bli utslite og noko gamaldags, men å bygge nytt var ei stor investering.
Snikkarverkstad
Stig overtok garden for ti år sidan, og hadde før det drive gards- og snikkarverkstad i eit stort tilbygg frå 1990. Her dreiv han framleis i ledige stunder. Det gjekk mest i kjøken til hytter, senger, garderobeskåp og utskjering på stolpar. Han framheva at heile familien hjelpte til på garden; faren, sambuaren og gutane på 17 og 20 år.
Moahaugen
Bente og Geir Tore Rakstad har bygt opp eit flott butikk- og produksjonslokale på Moahaugen i Heggenes. Foto: Nils Rogn
Neste stopp var på Moahaugen i Heggenes. Bente og Geir Tore Rakstad har drive her sidan 1984. Den gongen starta dei med 60 vinterfora sauer. No har dei 180, og driv to småbruk pluss ein del leigejord.
I 2006 fekk dei godkjenning av Mattilsynet for matproduksjon for sal. Tanken var at dei båe skulle leva av garden, og foredle noko av råvarene sine sjølv. Utviklinga har vore god, og no selde dei ti tonn kjøt – kurv, fenadlår, pinnekjøt og ferskt kjøt om hausten. Dei hadde også matvarer frå andre produsentar i utsalet. – Dette har kravd mykje arbeid, men me ser at det løner seg, sa Bente.
Hyttefolket kjem meir og meir innom utsalet. – Dei likar å ta ein prat med oss bygdafolk i tillegg til handlinga, smiler Bente som fortel at også bygdefolket brukar butikken oftare og oftare. Utsalet er oppe fredagar og laurdagar i tillegg til ferievekene.
Bente Rakstad hadde fått utvikla flott emballasje til kurven sin. - Dei svarte eskene sel best, meinte ho. Foto: Nils Rogn
Bente Rakstad er mykje rundt og marknadsfører varene sine. – No har kurven fått verna geografisk nemning, og då fekk me designar Monika Nilsen til å laga spesialpakningar for oss. Desse har slege godt an i marknaden, og passar utmerka som ei ferdigpakka lokalmatgåve frå Valdres. No har også Moahaugen i lag med fem andre lokalmatprodusentar gått i lag om selskapet Smak av Valdres i Mathallen Vulkan i Oslo. – Me høyrer alltid så mykje positivt om Valdres og lokalmaten vår når me er ute, og håpar denne etableringa vil gje oss ein større marknad, avsluttar Bente Rakstad.
Sprek satsing på kjøtfe
Frå Heggenes drog følgjet opp til Breimyr, til fjøset som Ørjan Aastveit og kona Maren Berge Aastveit har bygt opp. Skjønt fjøs, og fjøs – her var det innpå 2 000 kvadratmeter bygningsmasse som dei hadde 160 storfe gåande på. – Her var det ingen ting før eg starta med ammekyr i 2005. Plassen vart etter kvart for liten, og no etter siste utbygginga går det 160 storfe her, fortalde Aastveit. I tillegg hadde dei 140 sauer ned på garden Vøle som dei overtok ved nyttår i fjor. Desse var det stort sett Maren som hadde ansvaret for. Ho ordna også med det omfattande papirarbeidet som utbygginga førte med seg.
Ørjan Aastveit og kona Maren Berge Aastveit med neste generasjon på armen, Synnøve på fem månader. Storebror Sigurd på tre år var ikkje med denne gongen. Foto: Nils Rogn
Etter utbygginga er nok dette det største fjøset i Valdres, meinte BU-konsulent Aslag Hamre. Det er også unikt i val av løysingar, her har tankegangen vore mest muleg kvadratmeter til minst muleg pris. Svært mykje av materialane er tre frå eigen skog, og Aastveit hadde tenkt ut det meste av løysingane sjølv. Utbygginga var utrekna til 2,8 millionar, og så langt meinte Aastveit at dette stemte bra.
Kjøtfeet var ei kryssing mellom Aberdeen Angus og Limousin oksar, og dette skulle vera sjølvrekrutterande. – Fjellbeite er vesentleg for oss, fortalde Aastveit. Me slepper 80 kyr med kalvar i området ved Skaget. Her går dei frå slutten av juni til ut i september. Oksane blir fora her heime.
Støl med attåtnæring
Turen vart avslutta inne ved Bygdin. Her har Ole Tomas Gryte frå Høresbygda i Vang bygt opp ein flott serveringsstad like ved Valdresflyvegen. Han har støl i området, og hadde lenge hatt tankar om å utvikle noko attåt garden. Han og dei tre gutane hadde gjort mykje av jobben med bygget sjølve.
Bygdinstøga som Ole Thomas Gryte har bygt opp rett ved Fv51 over Valdresflye. Foto: Nils Rogn
Dei satsar på servering av lokal mat, og her var fisk frå Bygdin ein viktig ingrediens. Bu-styret og eit utval av valdresbønder i sentrale verv – tema for resten av dagen var spørjeundersøkinga om valdreslandbruket – vart denne dagen servert av nydeleg heimelaga rummegraut, spekemat og diverse godsaker attåt kaffen. |