• 1
  • 6
  • 7
  • 8
  • 9

Trippel islandsk til Vinjerock

Skriv ut E-post
Agent Fresco.


fredag 06. juli 2012 22:04,

-– tre band frå Sagaøya er klare for Jotunheimen
Vinjerock har inngått samarbeid med den islandske musikkbutikken gogoyoko, som tek med seg tre band på luftetur over Nordsjøen: Agent Fresco, Tilbury og Snorri Helgason er alle klare for årets festival på Eidsbugarden.

– Det å ta seg fridagar midt i ein turné er rein luksus, men når vi såg bileta frå Vinjerock så skjønte me at dette kom til å bli ei så spesiell oppleving for oss at vi måtte bli verande heile helga, uttalar Agent Fresco. Bandet har nettopp gjennomført ein stor europaturné, men konserten i Jotunheimen blir den fyrste dei gjer i Noreg nokon sinne.

– Me gler oss enormt, det er utruleg artig å gjere den fyrste konserten i landet blant slike kulissar. Agent Fresco er eit hardtslåande jazzrock-band, som dei siste par åra har fått ry på seg for vera blant dei aller beste liveartistane på Island. Debutskiva «A long time listening» kom allereie i 2010, men vart lansert i Noreg fyrst for nokre veker sidan.

Dramatisk folk-pop

Stundom dukkar det opp artistar som det er vanskeleg å kategorisere. Tilbury er blant desse, og har hamna i kategorien for «dramatisk folk-pop», ein kategori dei truleg får ha for seg sjølve ei stund til. Men den folkelege dramatikken funkar. Tilbury byrja som eit soloprosjekt i 2010, men vaks seg etter kvart til eit fem mann stort band.

– Debutskiva deira, «Exorcise», vart utgjeven i mai, og har trona på toppen av albumlistene våre sidan, fortel Gylfi Blöndal, musikksjef i gogoyoko.

Vinjerock_Island_ekstra
Snorri Helgason.

Siste namn på plakaten har også hausta store mengder åtgaum for soloprestasjonane sine dei siste åra. Snorri Helgason var tidlegare frontfigur i det populære bandet Sprengjuhöllin, men gjekk solo i 2009, og har sidan den gong gjeve ut to album til strålande kritikkar. Ikkje minst har han ry på seg for å vera ein formidabel liveartist, noko som har medført utselde show både i både New York, London og Berlin. Denne gongen ventar altså eit utseld show på Eidsbugarden, og Snorri sjølv gler seg stort.

– Eg har høyrt så mykje bra om festivalen frå venene mine i Hjaltalín, som spelte der for nokre år sidan. Eg har aldri vore i Jotunheimen, og gler meg til å nyte fjellet til det fulle, slår han fast.

Island + Vinje = sant

Festivalsjef Eirik Høyme Rogn er strålande nøgd med å få tre islandske band på vitjing til årets festival. – Vi har hatt stor suksess med band frå sagaøya tidlegare, og dette er ein tradisjon vi gjerne held fram med. Island byr på utruleg mange dyktige artistar, sjølv om det er eit lite land med relativt få folk. Det er stor stas for oss å kunne introdusere nye godbitar for eit fjellfriskt norsk publikum, konstaterer han.

Konsertane er støtta av Norsk Kulturråds kulturutvekslingsprogram mellom Noreg og Island.

 

valdres-blogg

Valdres no:

Sosiale medier

Ådne Kolbjørnshus  utradisjonelt hallingkast.Ådne slik gamlekaradn gjorde det.Merete, Anne. Lene og Julia.

Sjå bildeserie frå Valdresdagen 2013.

Festivalar


  • Festivalar
  • Festivalar
  • Festivalar
  • Festivalar
  • Festivalar
  • Festivalar
  • Festivalar
  • Festivalar
  • Festivalar

Sjå alle festivalar