• 1
  • 6
  • 7
  • 8
  • 9

Velorganiserte Vinjerock

Skriv ut E-post
Staut skapte liv i småregnet laurdag kveld. Foto: Nils Rogn


sundag 22. juli 2012 19:59, Nils Rogn

Vinjerock 2012 framstod som velorganisert og velfungerande. I alle fall var det inntrykket etter ein innhaldsrik laurdag inne ved festivalområdet ved Eidsbugarden. Engasjerte ungdommar, eit fargerikt lappeteppe av telt, god skilting av tilrettelagte stigar og ei avslappa stemning.

Det var tydeleg at «friåret» i fjor var nytta godt. Fjorårets Krafsefestival med stor dugnadsinnsats, hadde heva kvaliteten på festivalområdet med fleire hakk. Her kunne alle følgje visdomsorda til Vinje om at «Det er saa viktig aa kosa seg»!

Me valde å følgje nokre som kosa seg med å konkurrere i Vinjerock:Multisport. Då påmeldinga vart lansert på nettet, gjekk det berre eit døgn før konkurransen var fullteikna med 75 lag. Berre dei med festivalbillett fekk melde seg på, og det var tre klassar – gutelag, jentelag og mixlag, med to på kvart lag. I løpet av tre timar skulle poeng sankast ved 30 postar. Nokre låg langt oppe på toppar i området rundt Eidsbugarden, andre låg i nærområdet og vart tett følgd av eit entusiastisk publikum.

Mjølkespannkasting, godkarstykkje, balansering på line, klatring, halding av to mjølkespann, IQ test, miljøpost med samling av søppel og ikkje minst balansering og surfing over Mjølkedøla var slike postar. Særleg trekte elvebalanseringa mykje folk. Her fekk også ei internasjonal trommegruppe frå Vang opp stemninga både blant publikum og modige balansekunstnarar. Med avløysar Jeba Tellewayan frå Liberia i spissen, sytte dei for eggande rytmer til underhaldninga ved turrgrana som låg 13 meter lang over Mjølkedøla. Langt frå dei fleste kom seg over.

Ein av 17 som faktisk kom seg over elva. Foto: Nils Rogn
Ein av 17 som faktisk kom seg over elva. Foto: Nils Rogn

Betre gjekk det for surfarane opp ved Mjølkedølafossen, mest fordi dei slapp å surfe ståande. Men kaldt var det, og ein nokså uforståeleg aktivitet for godt kledde tilskodarar i det kjølege veret. Konkurranseinstinktet får ta ansvaret for dukkertane.

Med åtte lag frå festivalstaben var det 83 lag som kom til mål. Best vart «Team reven og hoffebassen» ved Sindre Hoff og Rune Befring med sine 398 poeng. Men «Team TO» ved Tove Andersen og Ole Vegard Lundestad i mixklassen var berre eitt poeng bak. Beste lag i dameklassen vart «Kill John» ved Marianne Stanghelle og Anne Kristin Knutsen med 354 poeng. I alt kunne 650 poeng sankast, men i løpet av tre timar var det ikkje muleg å nå over alle postane, så her måtte taktikk nyttast i tillegg til kondis. Resultatliste her.

Publikum ville nesten ikkje gje slepp på Staut. To ekstranummer måtte til. Foto: Nils Rogn
Publikum ville nesten ikkje gje slepp på Staut. To ekstranummer måtte til. Foto: Nils Rogn

Som ein skjønar, Vinjerock er meir enn musikk. Men for all del, når Hekla Stålstrenga, Jonas Alaska, Staut og Dumdum Boys spelte opp vart, det fort fullt framfor scenen. Sjølv om det tok til å småregne litt utover kvelden, og temperaturen var av det einsifra slaget, la det på ingen måte nokon stor dempar på festivalfolket. Godt kledde med lue på hovudet og ølvøtt på høgrehanda, var dei budde på all slags ver. Berre blide fjes var å sjå, og det er ikkje vanskeleg å spå at det også neste år blir rift om billettane. Også me kjem gjerne att!

Sjå video frå multisportkonkurransen under, og ein bildeserie finn du på Flickr.

 

valdres-blogg

Valdres no:

Sosiale medier

Ådne Kolbjørnshus  utradisjonelt hallingkast.Ådne slik gamlekaradn gjorde det.Merete, Anne. Lene og Julia.

Sjå bildeserie frå Valdresdagen 2013.

Festivalar


  • Festivalar
  • Festivalar
  • Festivalar
  • Festivalar
  • Festivalar
  • Festivalar
  • Festivalar
  • Festivalar
  • Festivalar

Sjå alle festivalar