• 1
  • 6
  • 7
  • 8
  • 9

Dumdum Boys til Rakfiskfestivalen

Skriv ut E-post
Dumdum Boys var på den fyrste Vinjerockfestivalen i 2006. Dei kom att no i sommar, og kjem også på Rakfiskfestivalen i november. Foto: Nils Rogn


torsdag 02. august 2012 12:52, Nils Rogn

Om du ikkje fekk med deg Dumdum Boys på Vinjerock blir det ny mulegheit under årets Rakfiskfestival. På laurdagskvelden er dei trekkplasteret som skal fylle storteltet.

Det blir elles musikk for alle aldrar på Rakfiskfestivalen som startar torsdag 1. november med Byfanten. Her spelar legendariske Band of the 60`s musikk frå gode ”gamle dagar”. Dei fem valdresgutane herja i si tid både Europa- og Norsktoppen.

Tjuvstarten kvelden etter, blir blåst i gang av energiske Skam, ei gruppe på åtte. Her er valdrisane Marius Myrvold og Øystein Skattebu med på gitar og trommer i tillegg til trompetar, saksofon og trombone. Stemninga vil utan tvil halde seg utover kvelden med gruppene Return og Stage Dolls. Etterraken på laurdag har Dumdum Boys som det store trekkplasteret.

Norsk Rakfiskfestival 2012 blir arrangert på tradisjonelt vis fyrste novemberhelga. Om det ikkje er musikken du helst vil ha med deg, finn du alt det andre slik som du er van med; trengsel ved over hundre utstillarar, smaksprøvetelt og liv og røre i heile bygdebyen Fagernes. Årets rakfiskakevitt er dekorert med etikett av Cathrine Dokken og Øystein Berge.

Rakfiskfestivalen 2012

 

valdres-blogg

Valdres no:

Sosiale medier

Ådne Kolbjørnshus  utradisjonelt hallingkast.Ådne slik gamlekaradn gjorde det.Merete, Anne. Lene og Julia.

Sjå bildeserie frå Valdresdagen 2013.

Festivalar


  • Festivalar
  • Festivalar
  • Festivalar
  • Festivalar
  • Festivalar
  • Festivalar
  • Festivalar
  • Festivalar
  • Festivalar

Sjå alle festivalar