Turforslag 3: Strøkne løyper ved Sebu-Røssjøen

Ta turen til Lenningen. Der finn du mange flotte løyper.
Les meir her:

Turforslag 2: Frå Leirin skiløyper kan du skue innover mot Torfinnstindane og Kalvehøgda

Skardåsen er turens høgaste punkt på 1071 m.o.h.
Les meir her

Turforslag 1: Frå Beitostølløypene har du flott utsikt mot Mugnetind

Ta turen til Beitostølen og opplev høgfjellet!
Les meir her

Kurs for Valdresvertar

Skriv ut E-post


måndag 28. april 2008 13:20, Nils Rogn

Tek me oss godt nok av våre gjester og kundar i Valdres? Truleg har me ein del å gå på. Det er i alle fall tanken bak eit kursopplegg over 16 timar som går ut til alle verksemder og enkeltpersonar som har direkte kundekontakt innan handel, reiseliv, landbruk, kultur og offentleg sektor.

Valdres er stort: Kjell Arne Berntsen orienterte om aktivitetstilbod i Valdres på pilotkurset tidlegare i vinter. Foto: Ingjerd Thon Hagaseth
Valdres er stort: Kjell Arne Berntsen orienterte om aktivitetstilbod i Valdres på pilotkurset tidlegare i vinter. Foto: Ingjerd Thon Hagaseth
Målsetjinga er å heve kunnskapen om Valdres generelt hjå deltakarane. Det vil bli spesiell fokus på geografien, naturen, kulturen og næringane i dei seks kommunane. Innhaldet i kurset vil også koma innom opplevingar og aktivitetar i Valdres, landbruket får ein spesiell plass, sal og service like så. Lokalhistorie og matkultur er også ein viktig del og det heile endar opp i Merkevara VALDRES.

Sertifisering

Alle som gjennomfører kurset og består ei skrifteleg prøve, kan etterpå kalle seg Valdresvert. Tittelen og eigen logo kan nyttast i marknadsføring av eiga verksemd. Eit prøvekurs har blitt arrangert og etter ei grundig evaluering, er det endelege kurset no klart. Det blir mogelegheit for både dagskurs – over to dagar – og kveldskurs, som går over fire kveldsøkter. Oppstart for båe er 27. mai og Opus Valdres tek i mot påmelding innan 16. mai.
 

Valdres no:

<<  Februar 2012  >>
 må  ty  on  to  fr  la  su 
    1  2  3  4  5
  6  7  8  9
13141516171819
202126
272829    

Fredag 10. Februar

Footloose

Sosiale medier

Rådmann Bacher teller opp gavebordetSprintmester Jan Arild , Kåre t.v. , Inger Torunn t.h.Innspurt 60 meter

Opning av storhall i Etnedal.

Festivalar