Surt vêr
Valdresvertkursa i gang |
|
|
|
|
| tysdag 30. november 1999 01:00, Nils Rogn |
|
Auditoriet på Valdres vidaregåande skule var godt oppfylt då det fyrste Valdresvertkurset starta tysdag. - Knallsuksess, kjempemoro, var uttrykk frå arrangørhald. - Nyttig og interessant, var karakteristikkar frå deltakarar.
Kursansvarleg: Dagleg leiar ved Opus Valdres, var svært godt nøgd med deltakinga på kurset. Foto: Nils Rogn
Fornøgd: Caroline Aaberg frå Vasetdansen Camping var svært tilfreds med tiltaket Valdresvert. Foto: Nils Rogn
Kommunekontakt: Ingebjørg Wigdel og to andre tilsette i Vang kommune deltok på kurset. Foto: Nils Rogn
MerkevarebyggingFyrste dagen starta med til ein presentasjon av Valdresvert-kurset ved dagleg leiar i Opus Valdres, Ingjerd Thon Hagaseth. Kjell Arne Berntsen som er dagleg leiar i Valdres Natur- og Kulturpark, gav deretter ei innføring i det pågåande arbeidet med merkevarebygging. Varemerket "Valdres" er basert på sentrale kjerneverdiar som miljø, identitet, kvalitet og særpreg. Målsetjinga er at ein på sikt skal kunne ta ut ein høgare pris på produkta som får Valdres-merket knytt til seg. Visse krav må vera innfridd før merket kan takast i bruk. Det er mellom anna eit mål at bedriftseigar og dei tilsette har gjennomført eit Valdresvert-kurs. Landbrukets rolle i Valdres er sentral, og Magnild Strand frå Valdres Forsøksring hadde ein bolk som tok for seg både historikk, dagens situasjon og framtida for valdreslandbruket. Dagleg leiar i firmaet Peliargo, Hans Egil Gjerde, avslutta dagen med å gje innspel til ein viktig del for alle deltakarane; sal og service. Kursdag toPå neste kursdag om ei veke, tek Kjell Arne Berntsen og Finn Helge Lyster for seg aktivitetar og opplevingar i Valdres. Arnstein Granlie frå Fjellbygda Beito vil prate om mat og merkevareorganisasjonar i Valdres Natur- og Kulturpark, Jahn Børe Jahnsen har ein bolk om lokalhistorie og geografi og Atle Hovi vil påpeike at "Kunden er sjefen" - nokre tankar om vertskapsrolla. Kurset blir avslutta med ein busstur i Valdres og ei heimeoppgåve som alle må gjennomføre. Valdresvertkurset er uniktIngjerd Thon Hagaseth påpeikar at dette er eit heilt unikt konsept i landssamanheng. No vil tilbodet om liknande kurs gå til alle regionar i Oppland, og det er også snakk om nasjonal interesse for slike vertskapskurs. Ja, til og med frå Åland og Island har det kome førespurnader, seier ho. - Deltakinga på kurset er over all forventing. Her er aktørar frå eit breitt spekter servicetilbydarar. Etter å ha gjennomført kurset vil eit spesielt Valdresvert-merke bli tildelt i lag med kursbevis. KvalitetsstempelCaroline Aaberg frå Vasetdansen camping vart med på kurset fordi ho ville gjera seg betre kjent med Valdres. - Slik kan eg gje gjestene våre ei betre oppleving ved å vera her. Eg kan fortelja dei meir om kva som finst av opplevingar i dei seks valdreskommunane. Dette går på kvalitet, meiner ho. - Ein blir eit betre vertskap og får eit kvalitetsstempel ved å gjennomføre eit slikt kurs. Det er også viktig å bli kjent med andre i bransjen, slik at ein får eit større fellesskap og eit betre samarbeid. Me er snart ei bygd her i Valdres, meiner ho. Kommunane viktige vertarIngebjørg Wigdel kjem frå Vang kommune og synest også opplegget er gjevande. - Me er tre frå Vang kommune her, seier ho. - I mitt arbeid på sentralbordet er det veldig viktig å vite mest mogeleg om Valdres. Me får spørsmål om mangt, også frå elevar som driv med oppgåver, og då er det om å gjera å gje eit godt svar. Sjølvsagt er det ikkje råd å vite alt, men ein bør kunne lose spørjarar vidare til rett instans. Kommunenettsidene våre som skal kunne hjelpe folk ein del, viser seg ikkje å fungere heilt optimalt. Det er ikkje ressursar til å oppdatere dei ofte nok, og for mange er det enklare å ringe og spørja eit levande menneske. Velkomstskilt?Ingebjørg meiner elles at velkomstskilta som står langs innfartsvegane til Valdres, ikkje er gode nok. - Det er bra at me ynskjer folk velkomne hit, men desse teltliknande skilta er det ikkje så godt å skjøne noko av. Kva symboliserer dei for folk som kjem hit. Får dei positive opplevingar når dei passerer, og kva med litt meir informasjon i tilknytning til skilta, avsluttar ho.
|
| må | ty | on | to | fr | la | su |
|---|---|---|---|---|---|---|
| 1 | 2 | 3 | 4 | 5 | ||
| 6 | 7 | 8 | 9 | 10 | 11 | 12 |
| 13 | 14 | 15 | 16 | 17 | 18 | 19 |
| 20 | 21 | 22 | 23 | 24 | 25 | 26 |
| 27 | 28 | 29 |
Skrautvålsvegen 77, 2900 Fagernes.
Tlf. 61 35 94 50.
redaksjonen@valdres.no
Ansvarlig redaktør: Kjell Arne Berntsen.
Webredaktør: Nils Rogn.
Idé og konsept ved kommunikasjonsavdelingen i Valdres Natur- og Kulturpark. Webdesign og programmering Devant Digital Media.
Valdres Natur- og Kulturpark (VNK) har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.
Kopiering av materiale frå VNK Nett for bruk andre plassar er ikkje tillate utan avtale | © 2009 Valdres Natur- og Kulturpark