Turforslag 17: Riddarberget i Vang

Ein avstikkar opp til flagget i Rauberget gjev utsikt over Høresbygda.
Les meir her:

Turforslag 16: Madslangrudberget

Det fyrste bergflagget i Valdres, måla i 1897.
Les meir her:

Turforslag 15: Puttekollen

Lett tilgjengeleg topp med flott utsikt.
Les meir her:

Turforslag 14: Gardbergstigen

Ei vandring som tek deg langt tilbake i historia vår.
Les meir her:

Turforslag 13: Kviteberg

Bratt stig, men for ei utsikt!
Les meir her:

Fagernes blir by

Skriv ut E-post


torsdag 06. september 2007 21:05, Nils Rogn
Så skal Fagernes bli by. 150 år etter at Otto Stuve slo seg ned med handel ved utløpet av Neselva er tida komen for bystatus. Inga lang historie for ein by, heller ikkje ein storleik som kjenneteiknar ein tradisjonell by. Men som eit naturleg regionsenter har Fagernes utvikla eit urbant preg og må kallast ein typisk bygdeby.

 

Tradisjonsrik forretning: Det er i år hundre år sidan Lars Gullhagen bygde dette huset som oldebarnet Per Herman Isachsen no driv sportsforretning i. Foto: Nils Rogn
Tradisjonsrik forretning: Det er i år hundre år sidan Lars Gullhagen bygde dette huset som oldebarnet Per Herman Isachsen no driv sportsforretning i. Foto: Nils Rogn
Fagernesbrua: Det har vore fleire bruer over Neselva. Denne erstatta trebrua som brann i 1920. (Postkort: Mittet)
Fagernesbrua: Det har vore fleire bruer over Neselva. Denne erstatta trebrua som brann i 1920. (Postkort: Mittet)
Aktiv kar: Per Herman Isachsen har vore leiar i Fagernes Handelstand sidan 1988. Blant mange gode tiltak har dei greidd å redde den gamle Skreddarstogo ved Nesbrua. Foto: Nils Rogn
Aktiv kar: Per Herman Isachsen har vore leiar i Fagernes Handelstand sidan 1988. Blant mange gode tiltak har dei greidd å redde den gamle Skreddarstogo ved Nesbrua. Foto: Nils Rogn
Laurdag 8. september skal markeringa skje, både av 150-års jubileet og av bystatusen. – Historia vil naturlegvis stå i fokus på ein slik dag, men samstundes er det vel så viktig å tenke framtid, seier dagleg leiar i Fagernes Handelstand, Heidi Arnesen. Ho er oppteken av at det skal vera ei hyggeleg og tilbakelent feiring, der folk skal kose seg og sjå kor fin byen eigentleg er. - Takka vera Nord-Aurdal kommune som aktiv medspelar er alle arrangement er gratis, seier Arnesen.

Historia

Den historiske utviklinga vil Jahn Børe Jahnsen ta seg av. I ei vandring gjennom byen vil ha fortelje om ei historie som spenner over mellom anna store hotellutbyggingar, butikketableringar, jernbane, veg og sikkert også båttrafikk på Strøndafjorde. Han som blir omtala som grunnleggaren av Fagernes, Otto Stuve, skal få minnesmerket sitt avduka utanfor Rådhuset. Vidare skal det vera ei markering av at Fagernesbrua får ein meir tiltalande utsjånad, utsmykka med Valdrespiktogram. Folketog blir det naturlegvis også, før Olav Gullik Bø skal framføre sin prolog – ”Fagernes blir by”.

Underhaldning

Så går det slag i slag utover dagen – og kvelden med. Frå ei scene i Jernbanevegen blir det musikk av Valkyrien Allstars og Eirik Bergene med band. Ved Briskeby er det ei scene med program mest for dei yngste. Elles blir det kunstutstilling og tretten bodar med lokale matprodukt. Butikkane held ope til kl. 18.00. Er ein framleis huga på meir moro, tek folkefesten til på Quality Hotel kl. 19.00. Hit kjem Olav Stedje og Tor Endresen med band og ved midnatt blir jubileet markert med eit stort fyrverkeri.

Heile programmet for dagen finn de under "Kalender" her på sida.

 

Valdres no:

<<  Mai 2012  >>
 må  ty  on  to  fr  la  su 
   1  2  3  4  5  6
  7  8  91011
   

Sosiale medier

Fredriksten festningHalden fra Fredriksten festningSteinar Fundigsrud

Herlige Haldenkanalen - Parkmøte våren 2012

Festivalar