Fagernes feira 150-års dagen sin med stor folkefest i godvêret laurdag. Fleire tusen var innom dei ulike delane av arrangementet som gjekk frå kl. 11.00 på føremiddagen til fyrverkeriavslutning ved midnatt. Feiringa markerte også at heretter kan Fagernes reknast som by.
Otto Larsen Stuve frå Biri er mannen som har fått æra av å ha grunnlagt byen. Han kom til Øvre Nes med handelsbevilling 9. september 1857 og starta verksemda i eit rom han leigde her. I 1861 kjøpte han ei tomt frå Tveit og her bygde han ein toetasjes bygning nede ved fjorden der Fagernes hotell no ligg. Folk tok til å omtale plassen for ”Stuvenes”, men dette syntest ikkje Otto Stuve noko om og døypte staden for Fagernes.
Stuve på sokkel
No 150 år etter at Stuve ”grunnla” bygdebyen fekk han bysta si framfor rådhuset, ikkje langt frå plassen der han bygde handelsbygningen sin. Bysta var ei gåve frå Valdres Gjensidige Brannkasse. Dagleg leiar i Brannkassa, Arne Kårbø-Erichsen, stod for avdukinga og kunne opplyse at han sjølv representerte ein lang tradisjon i distriktet i og med at fyrste brannkassa i Valdres kom i 1863. Kunstnaren Eilif Mikkelsen var tilstades og fekk skryt for godt arbeid. Med utgangspunkt i berre eitt foto var ikkje oppgåva spesielt lett, sa Mikkelsen, tidspress hadde det og vore. Men resultatet vart bra og ordførar Svein Erik Hilmen lova å markere med ein blomst ved statuen kvar 8. september i åra framover.
Fagrare Fagernesbru
Før avdukinga hadde Jahn Børe Jahnsen toga Fagernes rundt i rekordfart med ei stor folkemengd på slep. Byvandringa måtte gå i dobbel hastigheit for å rekke avdukinga, men Jahnsen greidde å formidle utruleg mykje historie om Fagernes lell. Etter avdukinga bar det bort til Fagernesbrua som skulle nyopnast med flotte piktogram. Desse var henta frå designprogrammet rundt Valdres Natur- og Kulturpark. Ordførar Hilmen meinte at det var naturleg å markere både opprettinga av natur- og kulturparken og 150-års jubileet ved å pynte brua med desse. Markeringa vart avrunda med eit langt folketog bort til Skiferplassen.
Prolog med snert
Vel framme på Skiferplassen tok lurblåsarar i mot frå rådhusbygget før Olav Gullik Bø framførte sin prolog – Fagernes blir by – på klingane valdresdialekt. Han drog linene frå dei fyrste som slo seg ned ved Neselve og Strøndafjorde, og framover til dagens by. Otto Stuve dukka også opp, framstilt av Eivind Kvisgaard. På rim hadde han litt å seia om utviklinga. – Det mangler stil og estetikk i bygdesenterets byggeskikk. Og tenk på byens ve og vel, og legg E16 i tunnel, var eit par av utsegnene hans. Jan Beitohaugen Granli spelte så springaren Fagerdalen, ein passande lått på slik ein fager og varm haustdag på Fagernes.
Fagernes er by
Deretter fekk endeleg Nord-Aurdal kommune sitt ordførarkjede. Rådmann Svanhild Mosebakken meinte dagen i dag var eit passande høve til å overrekke Svein Erik Hilmen ordførarkjeda som Stig Sebakk hadde utforma. Kommunevåpenet var hovudmotiv, men Ulnes kyrkje, Jørn Hilme steinen, Kvitvellafossen og Frydenlund skysstasjon var alle motiv i kjeda som hadde valdreslogoen i ryggen. Svein Erik Hilmen laut klype seg litt i armen for å sjekke at dette var verkeleg, før han offisielt erklærte Fagernes som by. Prosessen frå ide til verkelegheit hadde teke berre eitt år. Hilmen håpa at bystatusen ville gje Fagernes større merksemd, trekke til seg fleire verksemder, minske fråflytting frå heile dalen og gje nokre urbane tilbod til ungdom – og nokre av oss som er vaksne med, som han la til. Han meinte at byen Fagernes ville stå fram som eit endå sterkare regionsenter. Den nye byen er den fjerde i Oppland og nr. 97 eller 98 i landet.
Valdrespatriot
Så tok folkefesten til. Sentrum var sperra for gjennomkøyring og Jernbanevegen var eit einaste langbord der folk kosa seg med jubileumskake og kaffe til musikk frå Valkyrien Allstars, Guro Kleven Hagen og Eirik Bergene med band. Det var oppvising av Linedans og Byggmester Bob hadde show for dei yngste. Terje Einang viste seg som den største valdrespatrioten då han på scena avdekka ryggtavla si med ei stor tatovering av valdreslogoen. Tor Ola Svennevig hadde brukt 15 timar på kunstverket og styreleiar i Valdres Natur- og Kulturpark, Eivind Brenna, var svær tilfreds med at logoen deira vart nytta til eit slikt føremål. – Me treng patriotar som Terje i natur- og kulturprosjektet vårt, sa Brenna.