Turforslag 3: Strøkne løyper ved Sebu-Røssjøen

Ta turen til Lenningen. Der finn du mange flotte løyper.
Les meir her:

Turforslag 2: Frå Leirin skiløyper kan du skue innover mot Torfinnstindane og Kalvehøgda

Skardåsen er turens høgaste punkt på 1071 m.o.h.
Les meir her

Turforslag 1: Frå Beitostølløypene har du flott utsikt mot Mugnetind

Ta turen til Beitostølen og opplev høgfjellet!
Les meir her

Klart for nye Valdresvert kurs

Skriv ut E-post


tysdag 21. april 2009 12:06, Nils Rogn

Etter suksessen frå i fjor med bortimot 200 deltakarar, klemmer no arrangørane i gang att med nye Valdresvert-kurs.

Kursa startar 5. mai med både dags- og kveldsalternativ. Kurset er på totalt 16 timar og dei som har høve til heildagskurs, gjer dette unna på to dagar. Kveldsalternativet må bruke fire økter for å koma i hamn. Nytt av året er eit fordjupningskurs på 12 timar i praktisk bruk av lokalproduseret mat. Solbjørg Kvålshaugen er kursleiar på dette.

Kva er så ein Valdresvert? Jau, det er ein som fyrst og fremst har god kunnskap om alt det Valdres har å by på, og som klarar å formidle dette til dei som besøkjer oss. Er ein eigar eller jobbar i ei verksemd, skal utdanninga gjennom Valdresvert kursa også stimulere til å vera serviceorienterte og salsretta overfor kundar. Målsetjinga er at både gjester og kundar skal føle seg velkomne og tekne godt vare på. Dette vil føre til auka lønnsemd og omsetning både i eiga bedrift og for valdressamfunnet totalt.

Nytt difor dette høvet til å oppdater kunnskapen din om Valdres, og kva som kan gjerast for å auke trivselen og opplevinga for alle som gjestar oss. Påmeldingsfristen er 28. april.

For meir informasjon sjå HER

 

Valdres no:

<<  Februar 2012  >>
 må  ty  on  to  fr  la  su 
    1  2  3  4  5
  6  7  8  9
13141516171819
202126
272829    

Fredag 10. Februar

Footloose

Sosiale medier

Rådmann Bacher teller opp gavebordetSprintmester Jan Arild , Kåre t.v. , Inger Torunn t.h.Innspurt 60 meter

Opning av storhall i Etnedal.

Festivalar