Turforslag 17: Riddarberget i Vang

Ein avstikkar opp til flagget i Rauberget gjev utsikt over Høresbygda.
Les meir her:

Turforslag 16: Madslangrudberget

Det fyrste bergflagget i Valdres, måla i 1897.
Les meir her:

Turforslag 15: Puttekollen

Lett tilgjengeleg topp med flott utsikt.
Les meir her:

Turforslag 14: Gardbergstigen

Ei vandring som tek deg langt tilbake i historia vår.
Les meir her:

Turforslag 13: Kviteberg

Bratt stig, men for ei utsikt!
Les meir her:

Millionbeløp til restaureringstiltak

Skriv ut E-post


tysdag 05. mai 2009 00:00, Nils Rogn

I fyrste tildelinga til restaureringstiltak gjennom Verdiskapingsprogrammet i Valdres Natur og Kulturpark, vart heile 9 av dei 13 søknadane i innvilga. Samla beløp kom opp i 1 096 500 kroner denne gongen.

 

- Dette er veldig bra!, seier kulturminnekonsulent Katharina Sparstad. Ho er svært nøgd med at prosentdelen av søknader som får tilsegn aukar. Tidligare har kring 50 prosent av søknadene fått tilsegn. No ligg tilsegnsprosenten i Valdres nærmare 70 prosent. Konkurransen på søknadane er skjerpa, og dette tyder at kvaliteten på søknadane frå Valdres er bra. Sparstad sitt arbeid i Verdiskapingsprogrammet er mellom anna å hjelpe søkjarar med søknader til Norsk Kulturminnefond. Av søknader som fekk tilsegn var ein frå Sør-Aurdal, tre frå Nord-Aurdal, tre frå Vestre Slidre og to frå Vang. Det var ingen som hadde søkt Norsk Kulturminnefond frå Øystre Slidre eller Etnedal denne gongen.

Bjørkheimstølen fekk mest

Det største beløpet gjekk til Bjørkheimstølen i Vestre Slidre. Her skal Else Rønnevig restaurere eit sel, og delar av restaureringsarbeidet skal gjennomførast som kurs i samarbeid med Valdresmusea AS og ”Heime og På støle” i Vestre Slidre. I 2009 vert det her arrangert kurs med John Brenne frå NIKU om tradisjonell fargesetting på stølshus, samt eit kurs i tørrmuring. - Dette er eit særleg spanande tiltak mellom anna fordi Rønnevig også har fått  100 000 kroner frå Norsk Forfattarforeining  til å dokumentere arbeidet i bokform. På den  måten kan tiltaket koma heile Valdres til gode, seier Sparstad.

Stor pott

Til saman vart 24,3 millionar kroner fordelt til 161 små og store kulturminnetiltak over heile landet. 93 ordinære prosjekt fekk 9,9 millionar, 36 prosjekter under Verdiskapingsprogrammet fekk 6,6 millionar og 32 av prosjekta som gjeld freda kulturminne fekk 7,8 millionar kroner.

I Kulturminneåret 2009 er den samla ramma på 37 mill kroner. I 2009 vil Kulturminnefondet koma til å støtte meir enn 250 prosjekter med tilskot, det er godt over gjeldande årsrekord,  seier styrets leiar Bjørg Wallevik. Norsk Kulturminnefond er sidan 2002 eit virkemiddel innan kulturminnearbeidet. Pr. 01.01. 2009 er 1,2 milliard kroner avsett som fondskapital. Rentene av denne kapitalen blir tildelt fondet gjennom eige tildelingsbrev frå Miljøverndepartementet. Midlane brukast til årleg drift av fondet og tildeling av prosjektmidlar.

 

Valdres no:

<<  Mai 2012  >>
 må  ty  on  to  fr  la  su 
   1  2  3  4  5  6
  7  8  91011
   

Sosiale medier

Fredriksten festningHalden fra Fredriksten festningSteinar Fundigsrud

Herlige Haldenkanalen - Parkmøte våren 2012

Festivalar