Å puste
Vellykka kurs i gamle handverk |
|
|
|
|
| tysdag 22. september 2009 00:00, |
|
I løpet av ei veke har 30 deltakarar frå Valdres og resten av Austlandet vore med på kurs i eldre handverksteknikkar. Førre helg var 14 karar i sving på Bjørkheimstølen på Kinnholt. I løpet av dei to kursdagane fekk dei lære kunsten å reise kistemur og støttemur. Resultatet av kurset vart ikkje mindre enn ny grunnmur under både sel og uthus. Instruktør, murar og ingeniør Espen Marthinsen heldt i tillegg eit inspirerande foredrag fredag kveld på museet. Målet med kursaMålet med kursa er å by ggje nettverk og varig kompetanse som vil koma handverkarar, eigarar, produsentar og verneinteresserte i Valdres til gode. Valdresmusea er administrativt og fagleg ansvarleg for kursa – som blir til i samarbeid med Valdres Natur- og Kulturpark, Oppland fylkeskommune og Fylkesmannen i Oppland. BjørkheimstølenSumaren 2009 starta Else Rønnevig restaureringa av Bjørkheimstølen i Vestre Slidre Statsallmenning. Rønnevig har sidan oppstarten hatt eit ynske om å involvere og styrke den lokale kompetansen på praktisk kulturminnevern. Rønnevig er landskjend kulturvernar, kjend frå aviser, vekeblad, radio og tv. Ho har skrive ei mengd bøker, særleg om bakaromntradisjonen i Noreg. I over 25 år har ho vore kjend som ”Sprossa”. Bakgrunnen for oppnamnet var engasjementet for den lokale bygningsarven og protestane mot det ho meinte var unødvendige og øydeleggande glasutskifting – med falske sprosser på gamle hus. Sprossa har vore tilknytt Nøsen-traktene i snart 20 år. Bjørkheimstølen fall ho fullstendig for, rett etter at ho hadde selt hytta førre si. |
Skrautvålsvegen 77, 2900 Fagernes.
Tlf. 61 35 94 50.
redaksjonen@valdres.no
Ansvarlig redaktør: Kjell Arne Berntsen.
Webredaktør: Nils Rogn.
Idé og konsept ved kommunikasjonsavdelingen i Valdres Natur- og Kulturpark. Webdesign og programmering Devant Digital Media.
Valdres Natur- og Kulturpark (VNK) har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.
Kopiering av materiale frå VNK Nett for bruk andre plassar er ikkje tillate utan avtale | © 2009 Valdres Natur- og Kulturpark