Surt vêr
Beitostølen får troll- og nisseland |
|
|
|
|
| torsdag 01. oktober 2009 21:06, Nils Rogn |
|
Troll-landet Norge får hjelp frå Danmark til å lage eit gigantisk troll- og nisseland i Beitostølen Leilighetshotell. Over tre etasjar og med ei total grunnflate på 2000 kvadratmeter, blir det her planlagt eit gigantisk opplevingssenter som skal opne 3. juli 2010. Atle Hovi strålte på nivå med ei låg haustsol då planane vart presenterte torsdag. – Dette blir det einaste i sitt slag i Norge, eller for den del i heile verda, påstod han. - I og med at alt blir lagt innandørs blir dette ein heilårsattraksjon, noko me sårt treng her på Beitostølen. Dette vil kunne skape store ringverknader for området, ved å sikre fleire heilårs arbeidsplassar, meinte han. Norske trollIdeen viste seg å ha ei tiårig historie. Det var norgesvenene Anette Philpsen og John Roger Jensen frå Danmark som meinte at Beitostølen var rette plassen for å realisere draumane sine om trolland i Norge. – Me har feriert i Norge både sommar og vinter gjennom mange år, og som alle danskar har me lurt på kvar dei norske trolla var. Her og der var det rett nok eit og anna troll å sjå, med parken ved Hunderfossen som det beste. Men me sakna noko som gav ein skikkeleg ”wow-effekt”, fortalde John Roger.Nisseutstilling– Her på Beitostølen tente dei på ideen vår om eit trolland, og snøballen tok så smått til å rulle. For seks-sju år sidan var Bjørnar Hovi nede på Sjælland for å kikke på Nisselandet ekteparet hadde bygt opp i 2002. Han vart mektig imponert. – Det var på julemarknaden i Tivoli i København at me prøvde ut konseptet fyrst. Her fekk me boltre oss på 1200 kvadratmeter, og utstillinga vart ein stor suksess, fortel John Roger. – Me satsa på handlaga mekaniske nissar og eventyrlege kulissar. Utstillinga gjekk i fem år, og me vart også inviterte til Skandinavias største fornøyelsespark, Liseberg, og til Sapporo i Japan.Dovregubbens hallOg no er turen komen til dei norske trolla. – Det er eigentleg utruleg at ingen har kome på dette før, meiner dei danske gründerane. - Trolla står jo svært sterkt i den norske tradisjonen, ikkje minst gjennom eventyra til Asbjørnsen og Moe. Eg har lese alt eg har kome over om troll og kan mytologien, seier John Roger, og nemner at festen i Dovregubbens hall nok blir å finne i utstillinga neste sommar.EventyrlandskapEit gigantisk troll utanfor Beitostølen Leilighetshotell vil varsle forbipasserande at her er det noko dei bør stoppe og sjå, ikkje minst om det er born i bilen. Også inne blir det store dimensjonar over mange av figurane. - Planen er at loftsetasjen blir reservert nissane, medan trolla får boltre seg i 1. etasjen og i kjellaren, seier dei to trollentusiastane. Nøkken vil kunne overraske – og skremme – i myraktig landskap i underetasjen, det blir interaktive installasjonar og andre som brått startar når ein går forbi. – Dette blir som å koma inn i eit eventyr med nærmare 400 figurar, der alle skal røre på seg, fortel dei to.BistroFram til mars skal dei no jobbe vidare med idear og produksjon av troll, nissar, dyr, kostymer - som Anette syr, og ikkje minst kulissar. Deretter blir det installasjon, med presentasjon for publikum 3. juli. Nært med seg i prosessen har dei nevøen til kona, Ronni Philipsen og kameraten han, Nichlas Hald. – Me håpar på minst 50 000 besøkande i året, seier ekteparet som finansierer heile konseptet sjølve. Kostnaden vil dei ikkje ut med, men samarbeidet med Hovi som har ledige lokale og stor entusiasme for prosjektet, gjer det enklare å gå i gang. Med i planen er også suvenirproduksjon og ein dansk bistro som vil tilby mat og drikke til trollgjestene. - Går alt bra vil dette kunne gje 10-12 arbeidsplassar, meiner John Roger. |
| må | ty | on | to | fr | la | su |
|---|---|---|---|---|---|---|
| 1 | 2 | 3 | 4 | 5 | ||
| 6 | 7 | 8 | 9 | 10 | 11 | 12 |
| 13 | 14 | 15 | 16 | 17 | 18 | 19 |
| 20 | 21 | 22 | 23 | 24 | 25 | 26 |
| 27 | 28 | 29 |
Skrautvålsvegen 77, 2900 Fagernes.
Tlf. 61 35 94 50.
redaksjonen@valdres.no
Ansvarlig redaktør: Kjell Arne Berntsen.
Webredaktør: Nils Rogn.
Idé og konsept ved kommunikasjonsavdelingen i Valdres Natur- og Kulturpark. Webdesign og programmering Devant Digital Media.
Valdres Natur- og Kulturpark (VNK) har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.
Kopiering av materiale frå VNK Nett for bruk andre plassar er ikkje tillate utan avtale | © 2009 Valdres Natur- og Kulturpark