Å puste
Fleksibelt forum for tradisjonshandverkarar |
|
|
|
|
| tysdag 17. november 2009 14:17, Katharina Sparstad |
|
Om lag 30 møtte fram til temakveld for handverkarar i Valdres 11. november. Einar Engen frå Norsk Kulturminnefond og Else ”Sprossa” Rønnevig frå Lillesand var inviterte til å halde innlegg. Else Rønnevig har eit spanande restaureringsprosjekt på Bjørkestølen på Kinnholt i Vestre Slidre.
Norsk Kulturminnefond evaluerer arbeidet i Valdres
Behov for fagmiljø
Det er derfor gledeleg å sjå at interessa for restaurering også har auka blant handverkarane. Valdres har til og med hatt arbeidsinnvandring som ein følgje av aukande behov for fagfolk. Til no har mange handverkarar nytta Norsk Kulturminnefond som ”sparringspartarar” i arbeidet, men sjølv om Norsk Kulturminnefond er svært hjelpsame med både synfaringar og faglege spørsmål, må Valdres styrke eigen kompetanse. Derfor har også tradisjonshandverkarar i Valdres etterlyst eit forum der dei kan diskutere faglege problemstillingar. Nye kurs på Bjørkestølen
Ein annan ”eldsjel” på temakvelden var Else ”Sprossa” Rønnevik som fortalde om restaureringsprosjektet på Bjørkestølen. Tiltaket hennar vert brukt til både kurs og dokumentasjonsprosjekt. Hausten 2009 vart det halde kurs i tørrmuring og overflatebehandling, medan det til neste år vert kurs i vindaugsrestaurering, never og torv på tak, skifertekking og pipe/bakarovn. Kursa vert arrangert av Valdresmusea AS i samarbeid med Valdres Natur- og Kulturpark. Ny bygningsvernrådgjevar ved Valdresmusea AS
Valdres er no i ein svært gunstig situasjon i og med at vi har fått ein eigen bygningsvernrådgjevar som tek på seg ein dag gratis synfaring for alle eigarar av gamle hus i Valdres samt anna fagleg vegleiing innan bygningsvern. - Førebels er stillinga knytt til Verdiskapingsprogrammet for kulturminne som går ut 2010, men vi vonar sjølvsagt at stillinga vert permanent, seier kulturminnekonsulent Katharina Sparstad. Konstruktive innspel
Også møtedeltakarane var svært positive, og kom med mange nyttige innspel på korleis vi kan arbeide vidare med bygningsvern i Valdres. Eit av innspela var at Valdres bør ha ein ”materialbank” for bygningsdelar frå gamle hus som vert rehabilitert eller rive. Dette kan vere takskifer, dører og vindauge, for å nemne noko. Andre etterlyste ei liste over dei som kan ta på seg ulike oppdrag innan tradisjonshandverk i Valdres. Dette er sjølvsagt mogeleg, men med atterhald om kvalitetssikring. Mange handverkarar i Valdres manglar formell utdanning, men sit med svært mykje praktisk kompetanse. Gruppa av frammøtte var samansett av alt frå huseigarar og hobbysnikkarar til profesjonelle handverkarar. Det var derfor semje om at eit forum for tradisjonshandverkarar må vere fleksibelt i høve til behov. I første omgang er bygningsvernrådgjevaren kontaktperson medan kulturminnekonsulenten i Valdres Natur- og Kulturpark er konsulent. Ein viktig samarbeidspart er sjølvsagt VerneVøla som er lokallaget for Fortidsminneforeininga i Valdres. |
Skrautvålsvegen 77, 2900 Fagernes.
Tlf. 61 35 94 50.
redaksjonen@valdres.no
Ansvarlig redaktør: Kjell Arne Berntsen.
Webredaktør: Nils Rogn.
Idé og konsept ved kommunikasjonsavdelingen i Valdres Natur- og Kulturpark. Webdesign og programmering Devant Digital Media.
Valdres Natur- og Kulturpark (VNK) har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.
Kopiering av materiale frå VNK Nett for bruk andre plassar er ikkje tillate utan avtale | © 2009 Valdres Natur- og Kulturpark