Å puste
Kulturminneheftet klart til utdeling |
|
|
|
|
| tysdag 23. februar 2010 15:36, |
|
Kvar laurdag i heile kulturminneåret 2009 hadde Valdresportalen ei eiga spalte; Vekas kulturminne. Her kunne alle sende inn ein tekst om sitt personlege minne. Me har tidlegare varsla at alle artiklane skulle samlast i eit hefte, dette er no dette tilgjengeleg og blir delt ut gratis for alle.
Mange har nytta sjansen til å fortelje om sitt minne på Valdresportalen. Sjølv om tema for kulturminneåret har vore kvardagens kulturminne, har det vore opp til kvar enkelt kva minne ein ville skrive om. Tema spenner frå ord og utrykk til stavkyrkje – og innimellom der er det rom for mykje! - Det har vore veldig moro å sjå at det sit så mykje kunnskap og engasjement rundt om hos folk. ”Alle” har sendt inn, både privatpersonar, ordførarar, lag og foreiningar, seier kulturminnekonsulent Katharina Sparstad. - Interessa for å sende inn stoff har vore bra sjølv om det tok litt tid å kome i gang. Det er alltid lettare å hive seg på noko som ein ser fungerer. Vi synes det er veldig spanande at det har vore så stor breidde i artiklane. På den måten vert det i alle fall ikkje kjedeleg å lese. For å gjere artiklane mest mogleg aktuelle, byrja vi å samle inn artiklar allereie i 2008, slik at vi kunne fordele dei ut etter som dei passa med årstidene. Artiklane fordeler seg også godt mellom kommunane, fortel ho. Mange har også sendt inn bilete, og der det ikkje følgde med illustrasjon, har web-redaktør Nils Rogn skaffa eit høveleg bilete frå sitt rikhaldige foto- og postkortarkiv. I kulturminneåret har også avisa Valdres trykt kulturminneartiklar kvar månad frå Valdresmusea i Månadens kulturminne. Desse er også med i heftet. No endeleg, som takk for alle bidraga, har Valdres Natur- og Kulturpark trykt opp Vekas kulturminne i hefteform – gratis for alle. Vi vil legge heftet ut i alle kommunar, bibliotek og andre offentlege stader. Du kan også bestille det frå administrasjonen i VNK. |
Skrautvålsvegen 77, 2900 Fagernes.
Tlf. 61 35 94 50.
redaksjonen@valdres.no
Ansvarlig redaktør: Kjell Arne Berntsen.
Webredaktør: Nils Rogn.
Idé og konsept ved kommunikasjonsavdelingen i Valdres Natur- og Kulturpark. Webdesign og programmering Devant Digital Media.
Valdres Natur- og Kulturpark (VNK) har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.
Kopiering av materiale frå VNK Nett for bruk andre plassar er ikkje tillate utan avtale | © 2009 Valdres Natur- og Kulturpark