Surt vêr
600 000 til Austnorsk folkemusikksenter |
|
|
|
|
| onsdag 24. februar 2010 10:47, |
|
Oppland fylkeskommune har løyvd 600 000 kroner til drift av Austnorsk folkemusikksenter, over ei treårsperiode. I tilsegnsbrevet frå Oppland fylkeskommune heiter det at folkemusikksenteret, gjennom si deltaking i Rytmisk kompetansenettverk for Austlandet (saman med Østnorsk jazzsenter og Delta Øst) og arbeid med festivalar, produksjonar og profilerte musikarar, har betydeleg kompetanse og gjennomslagkraft, både regionalt og nasjonalt. Fylkeskommunen har elles lagt vekt på samarbeidet med musikkaktørar i andre musikksjangrar.
Valdres Natur- og Kulturpark er òg ein viktig samarbeidspart. I 2009 mottok folkemusikksenteret 150 000 kroner i tilskott frå natur- og kulturparken. For 2010 har Valdres Natur- og Kulturpark løyvd 300 000 kroner i tilskott. Som ein av tre aktørar i Rytmisk kompetansenettverk for Austlandet, har Austnorsk folkemusikksenter søkt Kulturdepartementet om 1,2 millionar kroner til arbeid med ulike kompetansehevingstiltak. Svar på søknaden kjem våren 2010. BakgrunnAustnorsk folkemusikksenter vart stifta 30. oktober i 2009. Folkemusikksenteret er etablert som ei medlemsforeining for utøvarar innafor sjangrane folkemusikk, jazz og rock. Bakgrunnen for etableringa er eit ynske om å styrke rammene og å heve kompetansen for profesjonelle musikarar og arrangørar innafor det rytmiske musikkfeltet. Bente Hemsing frå Aurdal er tilsett som dagleg leiar for senteret. Kontorplass er Valdres Folkemuseum.Valdresdominert styreI styret for Austnorsk folkemusikksenter sit Ole Aastad Bråten, styreleiar, Randi Skeie, nestleiar, Eirik Høyme Rogn, styremedlem, Frode Rolandsgard, styremedlem og Camilla Granlien, styremedlem. Varamedlemmer er Ellen Persvold, Erling Lae og Arne Moslåtten. |
| må | ty | on | to | fr | la | su |
|---|---|---|---|---|---|---|
| 1 | 2 | 3 | 4 | 5 | ||
| 6 | 7 | 8 | 9 | 10 | 11 | 12 |
| 13 | 14 | 15 | 16 | 17 | 18 | 19 |
| 20 | 21 | 22 | 23 | 24 | 25 | 26 |
| 27 | 28 | 29 |
Skrautvålsvegen 77, 2900 Fagernes.
Tlf. 61 35 94 50.
redaksjonen@valdres.no
Ansvarlig redaktør: Kjell Arne Berntsen.
Webredaktør: Nils Rogn.
Idé og konsept ved kommunikasjonsavdelingen i Valdres Natur- og Kulturpark. Webdesign og programmering Devant Digital Media.
Valdres Natur- og Kulturpark (VNK) har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.
Kopiering av materiale frå VNK Nett for bruk andre plassar er ikkje tillate utan avtale | © 2009 Valdres Natur- og Kulturpark