Turforslag 17: Riddarberget i Vang

Ein avstikkar opp til flagget i Rauberget gjev utsikt over Høresbygda.
Les meir her:

Turforslag 16: Madslangrudberget

Det fyrste bergflagget i Valdres, måla i 1897.
Les meir her:

Turforslag 15: Puttekollen

Lett tilgjengeleg topp med flott utsikt.
Les meir her:

Turforslag 14: Gardbergstigen

Ei vandring som tek deg langt tilbake i historia vår.
Les meir her:

Turforslag 13: Kviteberg

Bratt stig, men for ei utsikt!
Les meir her:

Påske med ”Hyttedrømmen”

Skriv ut E-post
Ekteparet Elin og Terje Nicolaysen frå Harstad er busette i London. I løpet av "Hyttedrømmen" får dei seg hytte på Vaset. Bak står ordførar Eivind Brenna og regissør Kenneth Elvebakk. Foto: Nils Rogn


måndag 29. mars 2010 09:31, Nils Rogn
Det vart applaus for ”Hyttedrømmen” under premierevisinga i kinosalen på Fagernes fredagskvelden. Både involverte ”skodespelarar”, støttespelarar og interesserte slidringar og valdrisar let seg begeistre over det dei såg.

Det er selskapet Skofteland film som står bak serien. Dette selskapet er kjent for oss valdrisar frå før, med filmen Lykkens Grøde som slidrejentene Hilde Kjøs og Karoline Grindaker stod bak. No er det hytteigar på Vaset, Kenneth Elvebakk, som har stått bak kameraet. Hilde Skofteland i filmselskapet er glad for samarbeidet med desse dyktige filmskaparane.

To-årig prosess

Kjell Arne
Sentrale filmaktørar: Frå venstre Eil Staxrud  Brenna, Eivind Brenna, Elisabeth Melby Brenna, Bendik Brenna, Vidar  Opheim, ? Opheim og Erik Martin Berge. Foto: Nils Rogn
Sentrale filmaktørar: Frå venstre Eil Staxrud Brenna, Eivind Brenna, Elisabeth Mellbye Brenna, Bendik Brenna, Vidar Opheim, Rebekka Opheim og Erik Martin Berge. Foto: Nils Rogn
Berntsen som er dagleg leiar for Valdres Natur- og Kulturpark, ønska velkomen til ”Hyttedrømmen”. Han mimra om at ei av dei fyrste oppgåvene hans i jobben var nettopp dette filmprosjektet. Han sette dåverande kulturmedarbeidar Finn Helge Lyster på saka, og dermed tok ballen til å rulle.  – No, to år etter er me samla til premierefest, konstaterte han.

Hytter viktige for Valdres

Hyttemarknaden er stor i Valdres, fastslo han. I dag er det registrert 16 855 fritidsbustader i Valdres. - Dette er nesten ein bustad per fastbuande, og me er den tredje største hytteregionen i Norge.  Hyttebygginga og effekten for det lokale næringslivet blir meir og meir viktig for regionen, sa han vidare. Kjell Arne Berntsen meinte hytteeigarane var ein viktig ressurs som er lojale ved å nytte seg av lokale varer og tenester, og at dei er viktige og gode ambassadørar for Valdres både i og utanfor regionen.

Fokus på utfordringar

Han meinte at filmserien tok opp viktige utfordringar for Valdres-samfunnet. – Me ynskjer  utvikling samstundes med at me ynskjer å ta vare på naturkvalitetane våre for framtidige generasjonar. Kulturlandskapet vårt er av dei flottaste i landet takka vera eit aktivt landbruk. No er det ynskje om å fortette hytteområda og ta vare på friareala for fellesskapet. Her skal det utviklast merka stigar, sykkelløyper og skiløyper vinterstid, og me skal gje gode offentlege tenester og tilby eit rikt og variert vareutval. Eit berekraftig lokalsamfunn med mangfald av kvalitetar gjennom natur- og kulturopplevingar, godt fokus på helse og andre kjerneverdiar, er viktig for oss alle, sa Berntsen.

Tre TV-premierer

Skofteland film: Frå venstre produsent Hilde Skofteland, klyppar Robert V. Stengård, presseansvarleg Ingunn H. Knudsen, regissør Kenneth Elvebakk og produksjonsassistent Ida Grimsrud. Foto: Nils Rogn
Skofteland film: Frå venstre produsent Hilde Skofteland, klyppar Robert V. Stengård, presseansvarleg Ingunn H. Knudsen, regissør Kenneth Elvebakk og produksjonsassistent Ida Grimsrud. Foto: Nils Rogn
Etter framsyning av tre episodar gjekk om lag 140 av dei 230 frammøtte til Fagerlund Gjestehus for ein liten premierefest. Her kunne Hilde Skofteland fortelje at det blir mykje TV-eksponering for selskapet i tida framover. Dei seks episodane av "Hyttedrømmen" går på TV2 kvar kveld kl. 19.00 i påska, med oppstart måndag 29. mars. Tysdag 30. mars går filmen ”Uteliggernes sang” på NRK, og 17. april går ”Shabanas valg” på same kanal. Her er ektemann og fagernesgut Martin Rehman Gaarder filmmann og regissør.
 

Valdres no:

<<  Mai 2012  >>
 må  ty  on  to  fr  la  su 
   1  2  3  4  5  6
  7  8  91011
   

Sosiale medier

Fredriksten festningHalden fra Fredriksten festningSteinar Fundigsrud

Herlige Haldenkanalen - Parkmøte våren 2012

Festivalar