Turforslag 3: Strøkne løyper ved Sebu-Røssjøen

Ta turen til Lenningen. Der finn du mange flotte løyper.
Les meir her:

Turforslag 2: Frå Leirin skiløyper kan du skue innover mot Torfinnstindane og Kalvehøgda

Skardåsen er turens høgaste punkt på 1071 m.o.h.
Les meir her

Turforslag 1: Frå Beitostølløypene har du flott utsikt mot Mugnetind

Ta turen til Beitostølen og opplev høgfjellet!
Les meir her

Neste TV serie: "Fjellfolk" på NRK, 12. februar

"Ut i naturen" fra Vassfaret i Valdres ble en seersuksess. 1,5 mill seere.

Tørstad og co vann Valdreskappleiken

Skriv ut E-post
Me ser frå venstre Tomas Hillestad, Ole Kristian Fredriksen, Monica Litangen, Tom Kjetil Tørstad, Oddbjørn Skeie og Jostein Hillestad. Foto: Nils Rogn


sundag 11. april 2010 15:09, Nils Rogn

Det vart "heimeseier" under Valdreskappleiken i Vang laurdag. Av seks finalistar vann vangsgruppa "Tørstad og co" finalespelet. Dei kan dermed titulere seg som valdresmeistarar, og får som ekstrapremie moglegheit for å avrunde årets Vinjerock med nachspiel på Vesle-Vinje.

 

Det var vinnarane av dei fem tevlingskategoriane som gjekk til finalekonserten om kvelden. Sidan Jan Beitohaugen Granli og "Tørstad og co" fekk lik poengsum gjekk båe til finalen frå klassa spel. Dei andre finalistane var Ingvild Lie, Oddbjørn Skeie, Lise Lunde Brennhagen og danseparet Stian Roland og Live Karin Liaskar. Dommarane rangerte tre av desse, og Oddbjørn Skeie kom på tredjeplass med si flotte framføring av Jølsterbrura på gitar i Open klasse. Dei to på topp fekk i fyrste omgang lik rangering av dei ni dommarane og ei ny runde måtte til. Her enda altså "Tørstad og co" på topp medan Jan Beitohaugen Granli fekk andreplassen.

 

Sivert Holmen vann hardingfele junior, og med det to billetter til Vinjerock. Foto: Nils Rogn
Sivert Holmen vann hardingfele junior, og med det to billettar til Vinjerock. Foto: Nils Rogn

Blant juniorane (mellom 12 og 18 år) var det hardingfelespelaren Siver Holmen som fekk best poengsum, og han vart dermed lykkeleg eigar av to billettar til Vinjerock. Det var mange flotte prestasjonar under kappleiken, og me viser til fullstendig resultatliste.

Les elles kommentar på sida til Vinjerock.

 

Bendik Brenna og Randi Ødegården lever opp til logoen i bakgrunnen. Foto: Nils Rogn
Bendik Brenna og Randi Ødegården lever opp til logoen i bakgrunnen. Foto: Nils Rogn
Oddbjorn Skeie spelte seg til ein tredjeplass i finalen. Foto: Nils Rogn
Oddbjorn Skeie spelte seg til ein tredjeplass i finalen. Foto: Nils Rogn
Ingvild Lie song seg til ein finaleplass. Foto: Nils Rogn
Ingvild Lie song seg til ein finaleplass. Foto: Nils Rogn
Stian Roland og Live Karin Liaskar vart beste dansepar og kom også til kveldsfinalen. Foto: Nils Rogn
Stian Roland og Live Karin Liaskar vart beste dansepar og kom også til kveldsfinalen. Foto: Nils Rogn

Jan Beitohaugen Granli gav "Tørstad og co" hard kamp om totalseieren. Foto: Nils Rogn
Jan Beitohaugen Granli gav "Tørstad og co" hard kamp om totalseieren. Foto: Nils Rogn
Lise Lunde Brennhagen vann langeleikklassa og kom til kveldsfinalen. Foto: Nils Rogn
Lise Lunde Brennhagen vann langeleikklassa og kom til kveldsfinalen. Foto: Nils Rogn

Ein stemningsfull konsert med lokale utovarar opna kveldsdelen av kappleiken. Frå venstre Anne Lajord Belsheim, Bjørg Steinsrud Berge, Kjellaug Daae Mæland, Solveig Vatn Weisser, Oddbjørn Skeie, Tom Kjetil Tørstad og Laura Ellestad. Foto: Nils Rogn
Ein stemningsfull konsert med lokale utøvarar opna kveldsdelen av kappleiken. Frå venstre Anne Lajord Belsheim, Bjørg Steinsrud Berge, Kjellaug Daae Mæland, Solveig Vatn Weisser, Oddbjørn Skeie, Tom Kjetil Tørstad og Laura Ellestad. Foto: Nils Rogn
 

Valdres no:

<<  Februar 2012  >>
 må  ty  on  to  fr  la  su 
    1  2  3  4  5
  6  810
13141516171819
202126
272829    

Sosiale medier

Rådmann Bacher teller opp gavebordetSprintmester Jan Arild , Kåre t.v. , Inger Torunn t.h.Innspurt 60 meter

Opning av storhall i Etnedal.

Festivalar