Surt vêr
Konsertscener i bygde-Noreg |
|
|
|
|
| torsdag 06. mai 2010 09:15, Anne Strand Moen |
|
Austnorsk folkemusikksenter ynskjer å sete fokus på etablering og utvikling av lokale, sjangerovergripande scener for rytmisk musikk i bygde-Noreg. Dette blir tema på eit seminar på Valdres Folkemuseum 22.-23.oktober. Møteplassar- Me tenkjer oss lokale scener som viktige møteplassar, og me vil blant anna diskutere formidlingsformer og ulike driftsmodellar – både frå musikarens og arrangøren sin ståstad, fortel dagleg leiar, Bente Hemsing. - Me planlegg at dette blir eit innføringsseminar som blir følgd opp med eit større seminar vinteren 2011. Austnorsk folkemusikksenter ynskjer på sikt å utarbeide eit modellprosjekt - ein manual for etablering av konsertscene i bygde-Noreg. Målgruppa for seminaret er etablerte arrangørar, artistar, kulturarbeidarar, offentleg tilsette og tilsette i frivillige musikkorganisasjonar. Det blir seminarstart og konsert med Karl Seglem trio fredag kveld og seminar med innleiarar laurdag. Austnorsk folkemusikksenter- Det nystarta Austnorsk folkemusikksenter arbeider for profesjonelle folkemusikarar og andre profesjonelle utøvarar i det rytmiske feltet på Austlandet, og me ynskjer å kunne gje rettleiing, rådgjeving og hjelp til utøvarar som har musikken heilt eller delvis som leveveg, avsluttar Bente Hemsing. Styret i Austnorsk folkemusikksenter består av: Det er foreløpig ingen medlemskontingent, og Bente oppfordrar alle som er interessert i å bli medlem, til å ta kontakt for meir informasjon! Ta kontakt på tlf. 97 15 24 45. |
| må | ty | on | to | fr | la | su |
|---|---|---|---|---|---|---|
| 1 | 2 | 3 | 4 | 5 | ||
| 6 | 7 | 8 | 9 | 10 | 11 | 12 |
| 13 | 14 | 15 | 16 | 17 | 18 | 19 |
| 20 | 21 | 22 | 23 | 24 | 25 | 26 |
| 27 | 28 | 29 |
Skrautvålsvegen 77, 2900 Fagernes.
Tlf. 61 35 94 50.
redaksjonen@valdres.no
Ansvarlig redaktør: Kjell Arne Berntsen.
Webredaktør: Nils Rogn.
Idé og konsept ved kommunikasjonsavdelingen i Valdres Natur- og Kulturpark. Webdesign og programmering Devant Digital Media.
Valdres Natur- og Kulturpark (VNK) har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.
Kopiering av materiale frå VNK Nett for bruk andre plassar er ikkje tillate utan avtale | © 2009 Valdres Natur- og Kulturpark