Surt vêr
Kulturstig til Kviteberg |
|
|
|
|
| måndag 31. mai 2010 14:18, |
|
Verdiskapingsprogrammet for Kulturminne i Valdres Natur- og Kulturpark har sidan oppstarten i 2006 arbeidd for å få opna kulturstigar i Valdres-kommunane. Arbeidet har vore eit samarbeid med bedrifter, stølslag og grunneigarar. Sidan oppstarten har vi fått kulturstig på stølsvidda, på Sørre Hemsing i Vang, Valdresbanevegen i Aurdal, bufarvegen frå Åbjør og kulturløype på Liaåsen - for å nemne noko. I desse dagar arbeider VNK saman med grunneigarar og friviljuge om kulturløype på Bjødnastigen, Gamlevegen i Hedalen og stigen opp Kvervilljuvet. Mange er veldig engasjerte i å få skilta opp dei gamle stigane, og har lagt ned utruleg mykje arbeid slik at folk kan ta dei i bruk att. Mange har også bidrege med tekst og bilete til informasjonstavler langs stigane. Sju informasjonstavlerNo sist helg vart stigen opp til Kviteberg ”opna” med nye skilt. Tekst og bilete er levert av privatpersonar, medan VNK har bistått med økonomi og arbeidsresursar til produksjon av tavler og skilt. Sju nye informasjonstavler med mellom anna nyttig informasjon om familien som budde der oppe på fjellhylla fram til 1938. Kjell Ivar Fossnes som er etterkomar etter folket på Kviteberg, har gitt uvurderleg historisk informasjon.
Sjå bildeserie her:
|
| må | ty | on | to | fr | la | su |
|---|---|---|---|---|---|---|
| 1 | 2 | 3 | 4 | 5 | ||
| 6 | 7 | 8 | 9 | 10 | 11 | 12 |
| 13 | 14 | 15 | 16 | 17 | 18 | 19 |
| 20 | 21 | 22 | 23 | 24 | 25 | 26 |
| 27 | 28 | 29 |
Skrautvålsvegen 77, 2900 Fagernes.
Tlf. 61 35 94 50.
redaksjonen@valdres.no
Ansvarlig redaktør: Kjell Arne Berntsen.
Webredaktør: Nils Rogn.
Idé og konsept ved kommunikasjonsavdelingen i Valdres Natur- og Kulturpark. Webdesign og programmering Devant Digital Media.
Valdres Natur- og Kulturpark (VNK) har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.
Kopiering av materiale frå VNK Nett for bruk andre plassar er ikkje tillate utan avtale | © 2009 Valdres Natur- og Kulturpark