Knut Olav Åmås opnar Velkomstbygget på Museet
|
|
|
|
|
Kulturredaktør Knut Olav Åmås skal opne Velkomstbygget komande måndag.
|
tysdag 01. juni 2010 12:22,
Nils Rogn |
Kulturredaktør i Aftenposten, Knut Olav Åmås, skal måndag opne Velkomstbygget på Valdres Folkemuseum. – Han var absolutt ein av dei fyrste me tenkte på til å opne bygget, og me er veldig glade for at han sa ja, seier direktør ved Museet, Torveig Dahl.
- Åmås er ein av dei mest markante kulturjournalistane, og han har god greie på kulturlivet både nasjonalt og internasjonalt, seier ho vidare. – Me håpar han vil trekke opp nokre linjer for kva betydning dette nye bygget vil få framover. Åmås er elles ein gamal kjenning, og har vore innom Valdres Folkemuseum fleire gonger før.
Vekt på Museets rolle i samfunnet
På spørsmål om kvifor Åmås sa ja til dette svarar han: - Fordi eg er glad i Valdres
Åmås har vore innom Valdres Folkemuseum fleire gonger. Her under ein regnvåt konsert med Valkyrien Allstars og Lillebjørn Nilsen under Jørn Hilme-stemnet i 2007. Åmås sit under paraplyen i lag med dåverande byrådsleiar i Oslo, Erling Lae. Foto: Nils Rogn
Folkemuseum og ofte vitjar det. Ei ære å bli spurd om å opna eit flott, nytt bygg teikna av eit arkitektfirma eg har stor respekt for. - Det har vore ein del støy rundt bruken av Merantifiner i nybygget, kva har du å seia til dette? - Eg har forstått det slik at treet er lovleg importert frå Kina, men at opphavet utover det er usikkert. Difor veit eg ikkje heilt kva eg skal seia, utan meir kunnskap om saka. – Har du nokon tilknytning til Valdrres? – Ja, eg har kjærast i Valdres dei siste fire åra, og er der difor ofte. – Og kva vil du seie/legge vekt på i opningstala? - Museet si rolle i samfunnet, er det korte men omfattande svaret til kulturredaktøren.
IKON-utstilling
Det blir elles eit omfattande program på Museet i samband med opninga 7. juni. Det heile startar klokka tolv med opning av kunstutstillinga/skuleprosjekt i Kulturminneåret: IKON ved fylkeskultursjef Tone Kolaas. Dette skjer i nytt utstillingslokale i administrasjonsbygningen. Det blir også ein smakebit på komande folkekunstutstilling.
Klokka 14 skjer den høgtidelege opninga av bygget, der forutan Åmås også trompetisten Bjørn Magne Nyhagen deltek med ei fanfare. Opningsseremonien vil ha avgrensa tilgang.
Folkefest med Kongeparet
Klokka fem på ettermiddagen inviterer Nord-Aurdal kommune til folkefest på museet i samband med besøk av Kongeparet. Skuleungane i kommunen byr på eit mangfald av aktivitetar. Flest mogeleg er oppfordra til å ha bunad og vera på området før kl. 17.00! Det blir kulturprogram i amfiet, med innslag av mellom anna friluftsteateret Sol av Isfolket. Det blir tale av HM Dronning Sonja.
|