Surt vêr
Alt klart for Kongeparet |
|
|
|
|
| onsdag 02. juni 2010 15:48, Nils Rogn |
|
Frå måndag 7. til og med onsdag 9. juni, blir det sjeldsynt og celebert besøk i dalføret, i og med at Kongeparet besøkjer alle dei seks valdreskommunane. Kommune-Valdres har i lang tid førebudd seg, og kan by på eit variert og innhaldsrikt program. Kvar kommune har valt eit tema for besøket, og Etnedal innleier med ”Det eventyrlige Valdres”. Kongeparet kjem til Bruflat på føremiddagen måndag, og skal sjå ei kunstutstilling av lokale kunstnarar og besøke Etnedalsheimen. På veg hit skal dei bli presenterte tre tablå som illustrerer kommunetemaet. Oppvekstvilkår og tradisjonDeretter står Øystre Slidre for tur. Her skal H. M. Kongen opne den nye skulen i Rogne og bli underhalde av elevar og andre. Bioforsk Løken og Beitostølen helsesportsenter vil informere om si verksemd. Tema i Øystre Slidre er ”Oppvekst i ei fjellbygd – kunnskap og kunst”. Dagen blir avslutta i det nye Velkomstbygget på Valdres Folkemuseum. Nord-Aurdal har valt temaet ”Tradisjonsvaldres”. Næring, kultur og fargerikt fellesskapDagen etter dreg Kongeparet med følgje til Vestre Slidre og Vang. "Næring og kulturskole” er temaet i Vestre Slidre, medan Vang viser litt av ”Det flerkulturelle Valdres”. Det blir besøk på Vasetstølen, Vangssteinen og Høre stavkyrkje. Marknad og kulturFylkesturen blir avslutta på føremiddagen onsdag 9. juni, ved at Kongeparet får sjå eit tusentalsspel på 1000-årsstaden Vangen i Bagn. Her blir det også nedlegging av blomster på ein bauta over dei som fall under siste krig. Etter lunsj besøkjer Kongeparet Bautahaugen i Hedalen. Tema i Sør-Aurdal er ”Marknad og kultur”. Noko av det praktiske arbeidet knytta til turen vil Valdres Natur- og Kulturpark stå for. Under opphaldet skal Kong Harald og Dronning Sonja bu på Nythun høyfjellstue. |
| må | ty | on | to | fr | la | su |
|---|---|---|---|---|---|---|
| 1 | 2 | 3 | 4 | 5 | ||
| 6 | 7 | 8 | 9 | 10 | 11 | 12 |
| 13 | 14 | 15 | 16 | 17 | 18 | 19 |
| 20 | 21 | 22 | 23 | 24 | 25 | 26 |
| 27 | 28 | 29 |
Skrautvålsvegen 77, 2900 Fagernes.
Tlf. 61 35 94 50.
redaksjonen@valdres.no
Ansvarlig redaktør: Kjell Arne Berntsen.
Webredaktør: Nils Rogn.
Idé og konsept ved kommunikasjonsavdelingen i Valdres Natur- og Kulturpark. Webdesign og programmering Devant Digital Media.
Valdres Natur- og Kulturpark (VNK) har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.
Kopiering av materiale frå VNK Nett for bruk andre plassar er ikkje tillate utan avtale | © 2009 Valdres Natur- og Kulturpark