Turforslag 3: Strøkne løyper ved Sebu-Røssjøen

Ta turen til Lenningen. Der finn du mange flotte løyper.
Les meir her:

Turforslag 2: Frå Leirin skiløyper kan du skue innover mot Torfinnstindane og Kalvehøgda

Skardåsen er turens høgaste punkt på 1071 m.o.h.
Les meir her

Turforslag 1: Frå Beitostølløypene har du flott utsikt mot Mugnetind

Ta turen til Beitostølen og opplev høgfjellet!
Les meir her

Eit fargerikt fellesskap møtte Kongeparet i Vang

Skriv ut E-post
Musikalsk mottaking utanfor Vang kyrkje. Vangssteinen heilt til høgre. Foto: Nils Rogn


onsdag 09. juni 2010 12:59, Nils Rogn

Etter ei natt med regn, letta skydekket og slapp til og med sola gjennom, då Kongeparet kom til Vang utpå ettermiddagen tysdag. Bygdefolket hadde møtt fram i hopetal, og hurrarop og vifting med flagg helsa Kong Harald og Dronning Sonja då dei steig ut av bilen utanfor Vang kyrkje.

 

Solvor Kvissel Remmen på fem år helsar på dronning Sonja. Ho  og Erik Rønneberg Hagerup på sju år, hadde med blomster til Kongeparet.  Foto: Nils Rogn
Solvor Kvissel Remmen på fem år helsar på dronning Sonja. Ho og Erik Rønneberg Hagerup på sju år, hadde med blomster til Kongeparet. Foto: Nils Rogn

Det vart ein perfekt dag. Ordførar Knut og hans stab stråla om kapp med sola, og Kongeparet såg ut til å kose seg med opplegget dei vart presenterte. Kvar sin blomsterbukett fekk dei to like etter velkomsthelsinga til ordføraren. Det var Solvor Kvissel Remmen (5 år) og Erik Rønneberg Hagerup (7 år) som hadde fått det ærefulle oppdraget. Det takla dei bra.


Stein- og kyrkjehistorie

Deretter vart det korsong og korpsmusikk av alle kommunens musikantar. Bruremarsj frå Vang lydde vakkert utanfor kyrkjeporten. Sigfred Hovda overtok, og nytta aller fyrst høvet til å takke for sist. Han og kona hadde vore på Slottet for å takke for Kongens fortenestemedalje i gull som han fekk for ei tid tilbake. Medalja pryda bunadsjakka hans.- Eg må tilstå at eg ikkje brukar ho til kvardags, for det ville blitt sett på som stormannsgalskap, sa Sigfred til ein god flir frå Kongen. Han fortalde så om

Sigfred Hovda fortalde eit  historieintereesert Kongepar om både Vangssteinen og den gamle  stavkyrkja som i 1840-åra vart flytt til Tyskland. Foto: Nils Rogn
Sigfred Hovda fortalde eit historieintereesert Kongepar om både Vangssteinen og den gamle stavkyrkja som i 1840-åra vart flytt til Tyskland. Foto: Nils Rogn

kommunens mest kjente stein – Vangssteinen. Sjølv om ordføraren glytte litt bekymra på klokka, fekk Hovda også inn nokre ord om stavkyrkja som i si tid stod her. Denne vart auksjonert bort til kunstmålar J. C. Dahl i 1841, og står no i Polen.


Fleirkulturell musikk

Etter ein kort spasertur langs ein heilt avstengt stamveg, kom følgjet ned til Vangstunet der dei

Solveig Vatn Weisser og Jeba Tellewayan spelte for Kongeparet utanfor Vangstunet. Foto: Nils Rogn
Solveig Vatn Weisser og Jeba Tellewayan spelte for Kongeparet utanfor Vangstunet. Foto: Nils Rogn

vart mottekne av langeleikspel og afrikansk tromme. Solveig Vatn Weisser framførte hallingen Gamle Guro drivande godt, og Jeba Tellewayan akkompagnerte og avslutta med ein frisk trommesolo. Eit flott innslag som understreka temaet for besøket – Det fleirkulturelle Vang. Dette var også ordførar Knut Haalien inne på i si tale. – Me er no ca. 1585 innbyggarar i Vang, og av desse er rundt 10 prosent frå andre nasjonar og kulturar. Av 276 born i grunnskule og barnehage, har ca. 50 ein annan nasjonal tilknyting enn norsk. Med mellom 120-150 personar på Vang Mottakssenter og ein del arbeidsinnvandring, er heile 15 nasjonalitetar representert. Me kan difor trygt kalle oss ei fleirkulturell kommune, sa han.


Frå utvandring til innvandring

Sju representantar frå det fleirkulturelle Vang fekk møte Kongeparet i biblioteket. Foto: Nils Rogn
Sju representantar frå det fleirkulturelle Vang fekk møte Kongeparet i biblioteket. Foto: Nils Rogn

Kong Harald takka for hyggeleg mottaking, og røpa at dei hadde gjort fleire turar gjennom kommunen. For eit par år sidan hadde dei kjørt austsida på tur til Vestlandet. Han tok også tråden til temaet for besøket, og minna om at det frå Vang i si tid hadde utvandra over 1800 personar til Amerika. Vidare sa han: - Bedre enn de fleste er denne kommunen kanskje i stand til å møte andre som er på flyttefot for å skape et bedre liv for seg selv og sine. Dronningen og jeg gleder oss til å få et lite inntrykk også av det flerkulturelle Vang i dag, og vi ser frem til å høre mer om hvordan dere klarer å forene det beste fra egen tradisjon i møte med nye folk og kulturer, og hvordan nye innbyggere kan berike et lokalmiljø. Les heile tala her.


Frisk og ungdommeleg avslutning

Marie Lajord i strålande solosong med eit imponerande kor i ryggen. Foto: Nils Rogn
Marie Lajord i strålande solosong med eit imponerande kor i ryggen. Foto: Nils Rogn

Så bar det inn i biblioteket der sju representantar frå det fleirkulturelle Vang venta – både fysisk og ved ei fotoutstilling. Sokneprest Carl Philip Weisser leia ei samtale Kongeparet hadde med desse, der dei fortalte om seg sjølve, og kommenterte bilda frå dagleglivet sitt i Vang. Opphaldet i Vang sentrum vart avslutta nede ved Vangsmjøse. Her song 240 born eit spesiallaga potpurri. Eit eige orkester spelte attåt, og fire av dei unge stod fram med gode soloprestasjonar.

 

Høre stavkyrkje

Kongens følgje fekk ei eksklusiv orientering om Høre Stavkyrkje av Hans Thingelstad. Foto: Nils Rogn
Kongens følgje fekk ei eksklusiv orientering om Høre Stavkyrkje av Hans Thingelstad. Foto: Nils Rogn

Eit svært vellykka og godt regissert opphald var dermed over, og kortesjen drog til Høre stavkyrkje for å avslutte opphaldet i Vang der. Her venta ein opplagt Hans Thingelstad, som orienterte om kyrkja frå 1179. Eit lite hefte om kyrkja var forresten akkurat ferdig til besøket. Også her hadde folket møtt fram i sin finaste stas, og barnehageborna i Ryfoss song så vakkert at dronninga stoppa opp og fekk ein impulsiv prat med dei ivrige borna.


(NB: Hugs å klikke på bilda for å få dei i større storleik.)

Sjå lysbildeserie her: (Klikk på pilene nede til høgre for å sjå bilda i full skjerm)

 

Valdres no:

<<  Februar 2012  >>
 må  ty  on  to  fr  la  su 
    1  2  3  4  5
  6  7  8  9
13141516171819
202126
272829    

Fredag 10. Februar

Footloose

Sosiale medier

Rådmann Bacher teller opp gavebordetSprintmester Jan Arild , Kåre t.v. , Inger Torunn t.h.Innspurt 60 meter

Opning av storhall i Etnedal.

Festivalar