Surt vêr
Surrealistisk realisme på Piltingsrudlåven |
|
|
|
|
| laurdag 12. juni 2010 10:02, Nils Rogn |
|
I 1920 tok Knut Hamsun i mot Nobelprisen i litteratur for boka Markens Grøde. Boka om nybrottsmannen Isak og Inger med hareskåret har fasinert og fenga mange. Låveversjonen til skodespelarduoen Juni Dahr og Gard B. Eidsvold, gjorde det same på Piltingsrud fredag kveld. Sørre delen av låven var omgjort til ei teaterscene med tribunar over fôrbrøta. For å få plassert alle måtte skodespelarane dirigere og instruere, og til slutt vart det akkurat plass til alle dei 200 frammøtte. For ein som likar det visuelt realistiske baud starten av spelet på utfordringar. Europallar og plank låg spreidd utover låvegolvet, og i lufta gjekk ein løypestreng over heile scenen. Opplegget minna om regien i Lars von Trier-filmen Dogville. Dyktig dramatiseringMen etter kvart fekk skodespelarane fram eit veldig visuelt bilde på livet på Sellanraa, garden dei to bygde opp. Dyrebjøller på strengen klang og fortalde om svoltne dyr og gradvis auke både i artar og antal. Små barnestøvlar var symbolet på borna som etter kvart vart fødde. Regien fekk fram bilde hjå oss tilskodarar med bygging av hus og slitet med jorda.HumorMen oppi alt slitet fekk også dei to fram humor ved gjenkjennelege personkarakteristikkar. Isak med sine fåe ord, men svært så talande fakter, og Inger med sine måtar å takle dei ulike situasjonar. Om det har gått meir enn 90 år sidan boka vart skriven, har ho framleis aktuelle bodskap å koma med. Bodskap som det kan vera godt å bli minna på, ikkje minst dette at det er jorda me lever av. Mange bønder i låven var det nok som nikka attkjennande til ein del av problematikken som vart reist.Etter ståande applaus var det høve for fôring nede i det gamle fjøset. Vertskapet Bjørg Strandbråten og Rasmus Piltingsrud serverte i samarbeid med Valdres Mathus og Småvesen bryggeri, kortreist mat og god drikke i ein utsøkt kombinasjon. Det er billettar att både laurdag og søndag, så nytt høvet til ei unik oppleving av teater, mat og bruk av gamle, majestetiske bygningar! Les om forestillinga her. |
| må | ty | on | to | fr | la | su |
|---|---|---|---|---|---|---|
| 1 | 2 | 3 | 4 | 5 | ||
| 6 | 7 | 8 | 9 | 10 | 11 | 12 |
| 13 | 14 | 15 | 16 | 17 | 18 | 19 |
| 20 | 21 | 22 | 23 | 24 | 25 | 26 |
| 27 | 28 | 29 |
Skrautvålsvegen 77, 2900 Fagernes.
Tlf. 61 35 94 50.
redaksjonen@valdres.no
Ansvarlig redaktør: Kjell Arne Berntsen.
Webredaktør: Nils Rogn.
Idé og konsept ved kommunikasjonsavdelingen i Valdres Natur- og Kulturpark. Webdesign og programmering Devant Digital Media.
Valdres Natur- og Kulturpark (VNK) har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.
Kopiering av materiale frå VNK Nett for bruk andre plassar er ikkje tillate utan avtale | © 2009 Valdres Natur- og Kulturpark