tekststorleik A A
 Søk

Motta nyheitsbrev

Send

Valdres Natur-
og Kulturpark

Vang kommune Vestre-Slidre kommune Øystre-Slidre kommune Etnedal kommune Sør-Aurdal kommune Nord-Aurdal kommune

Dagens valdres-uttrykk

Vandelepe

Kresen i matvegen

Valdres gjer helse til næring Skriv ut E-post
Sentrale helseaktørar: Frå venstre Kjetil Vassdal - administrerande direktør på Quality Hotel & Resort Fagernes, Kjell Arne Berntsen - dagleg leiar i Valdres Natur- og Kulturpark, Anne Kristin Medhus - dagleg leiar i Valdres Event, Anne Grethe Fremgaard - dagleg leiar i Valdres Kompetansevekst, Anne Gro Kvåle - dagleg leiar på Tonsåsen Rehabilitering, Hilde Tveiten Døvre - konstituert dagleg leiar i Valdres Næringshage og prosjektleiar Svein E. Pettersen. Foto: Nils Rogn


torsdag 17. juni 2010 13:39, Nils Rogn

Det var ei forsamling stolte helseaktørar som torsdag la fram det Arena-støtta prosjektet Helse i Valdres. I konkurranse med sju andre næringsklynger vann dei fram med søknaden som vart sendt i april i år. Dette betyr ei støtte på inntil 2-2,5 millionar kroner i året i tre år, med mulegheit for ytterlegare to års forlenging.

Storleiken på beløpet ar avhengig av eigeninnsatsen som blir lagt ned i dei ulike helseverksemdene. I utgangspunktet er  Beitostølen Helsesportsenter, Valdres Kompetansevekst, Fekjær psykiatriske senter,  og Tonsåsen Rehabilitering dei store og tunge aktørane på helsebiten, men også reiselivsaktørar som Beitostølen Resort og Quality Hotel & Resort Fagernes er medspelarar. Aktiviteket og Valdres Helse Event er eksempel på kommersielle føretak som også deltek i helsesamarbeidet i Valdres.

Sjå til Frikar

Prosjektleiar Svein E. Pettersen drog parallellen til Frikar på pressekonferansen torsdag. - Her har hallingdansarane klart å ta tak i ein del av kulturarven, og utvikla eit uttrykk som passar for vår tid og samstundes  fått til ei god næring av det.  Dette må også me gjera, påpeikte han. - Helse- og reiselivsbransjen i Valdres må gjennom kompetanse og nyskaping gjera regionen til landets beste når det gjeld helsetilbod og helseturisme. Arenaprogrammet vil hjelpe oss til dette.

Kompetanse og innovasjon

Utviklinga går dessverre mot at stadig fleire treng hjelp med helsa si, både førebyggande og behandlande. I 2008 hadde helseaktørane i Valdres ei omsetning på omkring 200 millionar kroner og sysselsette rundt 270. – At me no får Arena-støtte til å vidareutvikle heile det felles tilbodet i Valdres er flott. Samtidig er dette også ei godkjenning av det arbeidet som hittil er gjort, sa Anne Gro Kvåle frå Tonsåsen Rehabilitering. – Men me må utvikle oss vidare, og akkurat no driv me og utviklar eit delprosjekt med tilbod til folk som har bukka under for stress og arbeidsmengde og blitt utbrente.

Skal hjelpe folk

- Om mykje av tenkinga ligg i det å tene pengar på folks mangel på helse, må me ikkje gløyme mennesket bak. Me er fyrst og fremst til for å hjelpe folk med problema deira, sa Anne Grethe Fremgaard i Valdres Kompetansevekst. – Det er viktig med førebygging og at me kjem tidleg inn med tiltak. I arbeidet vårt vidare, må me få til eit samspel mellom alle aktørane. Alle skal ikkje gjera alt, og ein god start er det at me no har blitt betre kjente med kvarande og den kompetansen og dei tilboda me kvar for oss har.

Organisering

Det er Valdres Næringshage som er navet i Arena-prosjektet. Dei er operatør og prosjektansvarleg. Prosjektleiar så langt, Svein E. Pettersen, blir med vidare i prosessen. Han forheld seg til ei styringsgruppe leia av Rolf Stalenget, direktør på Beitostølen Helsesportsenter. Også ei referansegruppe vil vera aktive i å følgje opp for å sikre at utviklinga mot dei konkrete mål bli nådd.


 

Kva skjer?

<<  September 2010  >>
 må  ty  on  to  fr  la  su 
  
2223
282930   

Festivalar

  • Festivalar
  • Festivalar
  • Festivalar

Sjå alle festivalar

Sosiale media

Skrautvålsvegen 77, 2900 Fagernes. Tlf. 61 35 94 50. E-post: redaksjonen@valdres.no. Ansvarlig redaktør: Kjell Arne Berntsen. Webredaktør: Nils Rogn.
Idé og konsept ved kommunikasjonsavdelingen i Valdres Natur- og Kulturpark. Webdesign og programmering Devant Consulting.

Valdres Natur- og Kulturpark (VNK) har ikkje ansvar for innhald på eksterne nettsider som det blir lenka til.
Kopiering av materiale frå VNK Nett for bruk andre plassar er ikkje tillate utan avtale | © 2009 Valdres Natur- og Kulturpark